
Merkte turstier – ny nettside
No er alle dei 69 merkte turstiane i Kvinnherad samla på tursti.kvinnherad.no. Denne lenkjer deg vidare til startpunkt og turkart du kan lasta ned. 

Om du treng skyss…
…og er lei av bil, buss og fly – kan du til dømes tinga hestetransport i Rosendal. Sjå nettsida til Kvinnherad Hesteskysslag 

Topptur-eldorado
Kvinnherad er eit eldorado for alle som likar seg på toppane. Her er ein rapport frå to karar som har gått over Bjørndalstraversen. Sjå her 

Steinparken – ein oase
Ein stad for rusleturar, flotte stieinar, piknik, leik med båtar osb. Utandørs park som alltid er ope – og gratis. Rett ovafor Vangssago 

Baroniet Rosendal
Baroniet er omgitt av ein hage som er omtala i alle dei glansa magasina. Kva med lunsj i Hage-kafeen eller omvisning i dei flotte salane inne. 

Bading
Å leika seg i sjøen er morosamt for alle. Her er fleire fine badeplassar. Sjå her 

Kvinnherad kyrkje
Oppå bakkane ovafor hamna i Rosendal ligg middelalderkyrkja i stein. Kyrkja vart bygd kring andre halvdel av 1200-talet. 

Malmanger prestegard
Gardstunet er freda. Den delen som er open for publikum inneheld den antatt eldste trebygingen i Kvinnherad – røykstovo frå midten av 1600-talet. 

Båtliv
Det summar av liv på fjorden sommarsdagen, ja heile året. Rosendal Hamn ligg midt i Rosendal. Her er og fleire andre båthamner i området. 

Hesteskyss
Kvinnherad hesteskysslag tilbyr hesteskyss ikkje berre til bryllup og fest. Ta deg ein rundtur med hest og kjerre i bygda, det er ei stor oppleving. 

Tur rundt Hattebergfossen
Kva med ein liten rusletur rundt Hattebergsfossen. Turen går i lett terreng og passar ung og gamal, store og små. 

Fiske på fjorden
Tidleg om morgonen er det fint å vera ute og fiska. Då er verda di og kan hende bit fisken. Og så er du heime før frokost… 

Galleri G Guddal
Galleriet ligg i det gamle meieriet i Skålafjæro. Her er det kunst i alle kategoriar som pryder veggane. Galleriet har kaffebar med servering. 

Folgefonna nasjonalparksenter
Finn du i andre høgda på Kvinnherad Turistinformasjon på kaien i Rosendal. 

Vangssago
Vennelaget for Vangssago er særs aktive. I tillegg til “sagedagar” er saga og blitt eit utgangspunkt for konsertar og kulturarrangement. 

Skaaluren Skipsbyggjarmuseum
Mellom anna Roald Amundsen si Gjøa vart bygt i Rosendal. Her er mykje spanande å sjå. 

Galleri Rosendal
Biletgalleriet held til i det gamle flotte huset som ligg i svingen opp til Baroniet. Sjå innom, alltid noko spanande.

Rosendal Kunstverkstad og gjesteatelier
Med sovekott som kan leigast av kunstnarar. Kunstverkstaden tilbyr og målekurs. 

Putball
Putball er det nye golfspelet med fotballar for heile familien. Morosamt og utfordrande. Ta snarvegen opp frå Skålagato i Rosendal. 

Riding
Rosendal rideklubb tilbyr ridekurs, samt utleige av hest, om du er på vitjing og kan ri i frå før. Alle ryttarar, nye og gamle er hjarteleg velkomne. 