Rosendal – aktivitetar

Fiske på fjorden

Her er godt med fisk i fjorden. Sjølv om ein anbefalar å fiska i månadar med r i, bør ein heller ikkje gå glipp av makrellen som gjerne kjem inn fjorden om sommaren. Og den første som kjem er best – seier dei.

Vi vil ikkje røpa nokre fiskeplassar her, men snakkar du med folk med erfaring får du kan hende nokre tips. Grøn makk, sjøkart og grunner er heller ikkje dumt. Berre sei ifrå kor du fer og gløym ikkje redningsvest og mobil

Sjå korleis veret blir pil


Populær Skatepark!

Skatarar, BMXar og sparkesyklar er i full aktivitet i den nye Skateparken i Rosendal Idretts- og fritidspark. pil

Friske avspark i Rosendal Putballpark

Putball

Putball er det nye golfspelet med fotballar for heile familien. Morosamt og utfordrande. Ta snarvegen opp frå Skålagato i Rosendal. pil

Padling til Folgefonna © Wilderness Norway

Kajakkpadling til breen eller rundt Kalven

Bli med på padletur, eller lei deg ein kajakk i Rosendal. Wilderness Norway pil


Flotte bilder frå skifestivalen

Turisthotellet har lagt ut flotte bilder frå Rosendal skifestival som gjekk av stabelen under flotte forhold no i helga! Sjå her pil

vangssago - foto (c) bjarne øymyr

Sagedagar på Vangssago

Torsdagar i juli er sagedagar, og du kan sjå korleis ei vassdreven oppgangssag verkar. Vangssago ligg like ved Steinparken i Rosendal.
pil

Malmangernuten frå Rosendal

Merkte turstier – ny nettside

No er alle dei 69 merkte turstiane i Kvinnherad samla på tursti.kvinnherad.no. Denne lenkjer deg vidare til startpunkt og turkart du kan lasta ned. pil

Synnøve Solbakken - Tidsaksen i Steinparken © Bjarne Øymyr

Tidsaksen avduka

Laurdag var det stemningsfull opning av Tidsaksen i Steinparken med Jørn Hurum, Synnøve Solbakken, Jazzverket med eige bestillingsverk og kring 200 tilskodarar. pil

Bård Haugen Valvatne © Martin Fykse

Skipinse!

Pinsa markerar ofte sesongstart på Blådalshorga, alt etter når det vert brøyta i. Berre å ta på skia ved parkeringsplassen. Her Bård Haugen Valvatne i farta! Sjå bilete pil

hesteskyss © bjarne øymyr

Om du treng skyss…

…og er lei av bil, buss og fly – kan du til dømes tinga hestetransport i Rosendal. Sjå nettsida til Kvinnherad Hesteskysslag pil

Bjørndalstraversen © Vidar Rolland

Topptur-eldorado

Kvinnherad er eit eldorado for alle som likar seg på toppane. Her er ein rapport frå to karar som har gått over Bjørndalstraversen. Sjå her pil


Steinparken – ein oase

Ein stad for rusleturar, flotte stieinar, piknik, leik med båtar osb. Utandørs park som alltid er ope – og gratis. Rett ovafor Vangssago pil

Baroniet Rosendal

Baroniet er omgitt av ein hage som er omtala i alle dei glansa magasina. Kva med lunsj i Hage-kafeen eller omvisning i dei flotte salane inne. pil


Bading

Å leika seg i sjøen er morosamt for alle. Her er fleire fine badeplassar. Sjå her pil


Kvinnherad kyrkje

Oppå bakkane ovafor hamna i Rosendal ligg middelalderkyrkja i stein. Kyrkja vart bygd kring andre halvdel av 1200-talet. pil

Malmanger prestegard

Gardstunet er freda. Den delen som er open for publikum inneheld den antatt eldste trebygingen i Kvinnherad – røykstovo frå midten av 1600-talet. pil


Båtliv

Det summar av liv på fjorden sommarsdagen, ja heile året. Rosendal Hamn ligg midt i Rosendal. Her er og fleire andre båthamner i området. pil


Hesteskyss

Kvinnherad hesteskysslag tilbyr hesteskyss ikkje berre til bryllup og fest. Ta deg ein rundtur med hest og kjerre i bygda, det er ei stor oppleving. pil

Hattebergfossen (C) Bjarne Øymyr

Tur rundt Hattebergfossen

Kva med ein liten rusletur rundt Hattebergsfossen. Turen går i lett terreng og passar ung og gamal, store og små. pil


Fiske på fjorden

Tidleg om morgonen er det fint å vera ute og fiska. Då er verda di og kan hende bit fisken. Og så er du heime før frokost… pil


Galleri G Guddal

Galleriet ligg i det gamle meieriet i Skålafjæro. Her er det kunst i alle kategoriar som pryder veggane. Galleriet har kaffebar med servering. pil

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - redaksjon@rosendal.net- nettsider og design: salikat design

 Arkiv >>