Rosendal – mellom fjord, fjell og fonn

Aktivitetar

Denne nettstaden dekker området frå Ljosnes og inn fjorden til Folgefonntunnelen. Vi er veldig stolte over det flotte Baroniet som bygda Rosendal har teke namn etter og som ligg i hellinga ovafor bygda. Her vert det kvart år arrangert ei mengde med konsertar og foredrag. Rosendal er hovedbygda i området. Dei andre bygdene er Omvikdalen, Seimsfoss, Snilstveitøy, Løfallstrand, Lyngstrand, Ænes, Sundal, Austrepollen og Nordrepollen.

I butikken i Skaalurensamlinga på kaien står tida stille.

Kulturbygda Rosendal har mykje å by på. Her foregår heile fira festivalar i løpet av året. Rosendal Musikkfestival, Rosendal Mat & Kunstfestival, Fjellstreif og Jul i Rosendal.

Den gamle Vangssago som er restaurert og sett i stand på dugnad, vert nytta som scene for fleire kulturarrangement. Vi har Steinparken eit steinkast lengre oppe langs elva. Kvinnherad kyrkje er frå 1200-talet, og lenger inne i fjorden ligg Ænes kyrkje frå 1100-talet. Vel verdt eit besøk.

Malmanger prestegard har ei røykstove som truleg er den eldste trebygningen i Kvinnherad. Vi har Skaaluren Skipsbyggjarmuseum med Skaalurensamlinga; den gamle butikken og Husmorsamlinga i Guddalsbua. Folgefonna Nasjonalparksenter ligg i andre etasje på Turistinformasjonen som du finn på kaien i Rosendal.

I tillegg er her Putballbane, badestrender, galleri, kafear og butikkar. For ikkje å gløyma flotte fjell, som berre ligg der og vil utforskast.

Last ned Velkomen til Rosendal-kartet pil

Sjå Turforslag under Fjord og fjell pil

Du finn og eksterne lenkjer til aktiviteter på rosendal.no pil

Folgefonna nasjonalparksenter

Finn du i andre høgda på Kvinnherad Turistinformasjon på kaien i Rosendal. pil

vangssago - foto (c) bjarne øymyr

Vangssago

Vennelaget for Vangssago er særs aktive. I tillegg til “sagedagar” er saga og blitt eit utgangspunkt for konsertar og kulturarrangement. pil

Skaaluren Skipsbyggjarmuseum

Mellom anna Roald Amundsen si Gjøa vart bygt i Rosendal. Her er mykje spanande å sjå. pil


Rosendal Kunstverkstad og gjesteatelier

Med sovekott som kan leigast av kunstnarar. Kunstverkstaden tilbyr og målekurs. pil

Riding

Rosendal rideklubb tilbyr ridekurs, samt utleige av hest, om du er på vitjing og kan ri i frå før. Alle ryttarar, nye og gamle er hjarteleg velkomne. pil

rosendal musikkfestival (c) bjarne øymyr

Rosendal Musikkfestival

Siste helga i mai er fast tidspunkt for musikkfestivalen. Neste festival kjem 25-27 mai 2012. pil

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - redaksjon@rosendal.net- nettsider og design: salikat design

 Arkiv >>