
Rosendal – aktivitetar
Tur rundt Hattebergfossen
Rundturen gjer du på ein time. Den går på grusveg og i lett terreng og passar unge og gamle, store og små.

Turen tek omlag ein time i lett terreng.
Frå Rosendal følger du Skålagato over brua og tar andre veg til venstre. Gå forbi Malmanger prestegard, gjennom grinda. No er du i Omnshagen. Her er beiteland for sau, så hugs å late att grinda etter deg. Fortsett rett fram til du kjem til brua som går over elva til Baroniet. Gå i staden rett fram og gjennom leet. Her skal det vera skilta.
Snart vil du høyra bulderet frå Hattebergsfossen. Stien svingar til venstre ovafor fossen, over ei bru og til vegen på andre sida av Hattebergselva. No er det berre å følgje grusvegen tilbake. Du kjem ut ovafor baroniet.
Populært med padling
Det er stadig fleire padlarar å sjå på fjorden, og i fjorden er det gode padletilhøve. Her eit bilete frå Kalvsund mot Rosendal. Større bilde 
“Rått på topp i Rosendal”
Ein særs vellukka Rosendal Skifestival gjekk av stabelen i slutten av april. Her kan du lesa meir på bloggen til Mari Wedum 
Merkte turstier – ny nettside
No er alle dei 69 merkte turstiane i Kvinnherad samla på tursti.kvinnherad.no. Denne lenkjer deg vidare til startpunkt og turkart du kan lasta ned. 
Rosendalsfjella frå lufta!
Sjå Frode Leikvoll sin fantastiske video tatt frå mikrofly over fjella kring Rosendal. Sjå her 
Kart over Rosendal
Eit hendig kart over Rosendal sentrum med oversyn over alt som er verdt å sjå. Kartet finn du i alle butikkar osb. i Rosendal. Eller du kan lasta det ned her 

Topptur-eldorado
Kvinnherad er eit eldorado for alle som likar seg på toppane. Her er ein rapport frå to karar som har gått over Bjørndalstraversen. Sjå her 

Rosendalsfjella
Fjella kring Rosendal reiser seg høgt til vers. Dei er frå venstre – (nord) – Melderskin 1426 moh, Laurdalstind 1307 moh, Andersfjellet 1211 moh og Malmangernuten 890 moh.

Furebergfossen
Dette fossefallet ligg midt i bilvegen mot Mauranger. Fossen er bratt, og har eit fall på omlag 20 meter, før han renn ut i Maurangerfjorden.



















