
Rosendal – Bygda vår
Flytte hit
Her er lågare bustadprisar og fin utsikt. Her kan du og familien din leva eit fritt og fint liv med naturen som ven og nabo. Idrettsanlegg og skianlegg er like i nærleiken, fjord og fjell og gode og trygge oppvekstvilkår kan vi tilby.
Her er god plass til mange fleire. Ta med deg pikk og pakk, ungar og svigermødre. Velkomen skal de vera.
Meir om Rosendal og grannebygdene kan du lesa under – Bygdene 
Web-kamera i gjestehamna
Stadig strøym av båtar til gjestehamna – men det er alltid plass til “ein til”. Med web-kamera kan du føljga med på båtlivet i Rosendal. Sjå her 

Kvinnherad kommune
Kommunen vår er ein av dei største i Hordaland med i underkant av 14 000 innbyggjarar. Ordførar er Synnøve Solbakken. Kommune-administrasjonen sit i rådhuset i Rosendal. 

Jobbe her
Vi har låg arbeidsløyse. Her er fleire industriarbeidsplassar, samt arbeidsplassar innanfor jordbruk, kultur, turisme, helse, skule, barnehage og handel m.m. NAV 











