Folgefonna

Rosendal – Fjord og Fjell

Folgefonna

Folgefonna er Norges tredje største isbre. Den ligg på Folgefonnhalvøya i Hardanger og dekker område i Jondal, Ullensvang, Odda, Etne og Kvinnherad kommune, alle i Hordaland fylke. Isbrea er den sørlegaste i Noreg.

Brea har eit samla areal på 214 km². Breområdet er tredelt med Nordre Folgefonna (25 km²), Midtre Folgefonna (9 km²) og Søndre Folgefonna (180 km²). Bra har fleire brearmar ned mot omkringliggande dalføre. Dei mest kjende er Bondhusbrea og Buerbreen. Høgaste punkt er 1644 moh. Istykkelsen er opptil 500 m.

Folgefonna nasjonalpark vart oppretta i 2005, og omfatter eit område på 720 km². Fem elvar med nedbørsfelt er allereie varig verna: Æneselva, Furebergselva, Hattebergselva, Mosneselva og Opo.

Folgefonna er ikkje ein rest etter istida. Etter slutten av forrige istid trakk isen seg raskt attende, og den isen som lå i området smelta til slutt heilt vekk. Først for omkring 5000 år sidan vart Nordre Folgefonna nydanna under ein periode med temperaturfall og auka nedbør samstundes. Med periodiske variasjoner har den hatt den omtrentlege utstrekning som den har i dag. Dei øvrige delene av brea har ei parallell historie.

Folgefonni Breførarlag pil

Sjå turforslag – Sundal pil

Sjå fleire turforslag for heile Kvinnherad på visitsunnhordland pil


Verfenomen

Folgefonna er sagt å vera skuld i dei spesielle vindane du av og til kan sjå på fjorden mellom Rosendal og Snilstveitøy. Det er den store fonna som kjøler ned lufta. pil


Fonnabu

Fonnabu turisthytte er sjølvbetjent. Ho er den einaste turisthytta i landet som ligg ved kanten av ein isbre. Breføring over Folgefonna dagleg. pil

furebergfossen (c) bjarne øymyr

Furebergfossen

Dette fossefallet ligg midt i bilvegen mot Mauranger. Fossen er bratt, og har eit fall på omlag 20 meter, før han renn ut i Maurangerfjorden.

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - redaksjon@rosendal.net- nettsider og design: salikat design

 Arkiv >>