
Rosendal – Fjord og Fjell
Hardangerfjorden
Hardangerfjorden er 179 km lang og er Noregs nest lengste fjord.
Dei enkelte delane av fjorden har eigne namn. Frå innløpet til botn av fjorden er desse Bømlafjorden, Halsnøyfjorden, Husnesfjorden, Kvinnheradsfjorden, Sildafjorden, Hissfjorden, Ytre Samlafjorden, Indre Samlafjorden, Utnefjorden, Eidfjorden og Simadalsfjorden. Den 38 km lange Sørfjorden er den lengste sidearmen.
Frå 1875 starta Thomas Cook vekentlege avgangar med turistskip frå London til Hardangerfjorden på grunn av den flotte naturen, isbreane og dei store fossefalla. Spesielt Sundal og Bondhusbreen var populær.
Sjå Ænes og Mauranger bygdalag si heimeside 
Turforslag – Sundal 

Rosendalsfjella frå lufta!
Sjå Frode Leikvoll sin fantastiske video tatt frå mikrofly over fjella kring Rosendal. Sjå her 

Kart over Rosendal
Eit hendig kart over Rosendal sentrum med oversyn over alt som er verdt å sjå. Kartet finn du i alle butikkar osb. i Rosendal. Eller du kan lasta det ned her 

Topptur-eldorado
Kvinnherad er eit eldorado for alle som likar seg på toppane. Her er ein rapport frå to karar som har gått over Bjørndalstraversen. Sjå her 

Laurdalselva
Er signaturen til Rosendal. Ser du den kvite streken som renn ned fjellsida, så veit du kvar du er. Nokre gonger tynn og veik og andre gonger brusande og vill.

Turforslag
Rosendal og bygdene omkring er eit fantastisk utgangspunkt for å gå i fjellet. Ein har fiske i fjellvatn og Folgefonna er ikkje langt unna. Sjå Turforslag 

Hardangerfjorden
Rosendal ligg ved Hardangerfjorden. Fjorden er den nest lengste i Noreg. Ved Rosendal vert den kalla for Kvinnheradsfjorden. 

Tur rundt Hattebergfossen
Kva med ein liten rusletur rundt Hattebergsfossen. Turen går i lett terreng og passar ung og gamal, store og små. 

Folgefonna
Vi kan ikkje sjå fonna nede frå dalen, men nærleiken til fonna er stor. Ho kjem til oss med dei spesielle vindane som kjem susande ned Hattebergsdalen. 

Skålafjellet 501 moh
Herifrå får ein eit fantastisk skue over Rosendal med fjella og Hardangerfjorden med Snilstveitøy. Sjå turforslag 

Folgefonnhalvøya
Folgefonnhalvøya er avgrensa av Sørfjorden i aust, Hardangerfjorden i nord og vest, og Åkrafjorden i sør. 

Malmangernuten 890 moh
Malmangernuten er mest kjent for «Nuten opp». Motbakkeløpet går føre seg i byrjinga av august kvart år. 

Rosendalsfjella
Fjella kring Rosendal reiser seg høgt til vers. Dei er frå venstre – (nord) – Melderskin 1426 moh, Laurdalstind 1307 moh, Andersfjellet 1211 moh og Malmangernuten 890 moh.

Melderskin 1426 moh
Melderskin kan ein sjå langvegs frå. Kjem du med Hardangerfjordekspressen frå Bergen viser den veg heilt frå Bjørnafjorden. 

Verfenomen
Folgefonna er sagt å vera skuld i dei spesielle vindane du av og til kan sjå på fjorden mellom Rosendal og Snilstveitøy. Det er den store fonna som kjøler ned lufta. 

Fonnabu
Fonnabu turisthytte er sjølvbetjent. Ho er den einaste turisthytta i landet som ligg ved kanten av ein isbre. Breføring over Folgefonna dagleg. 

Furebergfossen
Dette fossefallet ligg midt i bilvegen mot Mauranger. Fossen er bratt, og har eit fall på omlag 20 meter, før han renn ut i Maurangerfjorden.