Rosendal – Fjord og Fjell

Hardangerfjorden

Hardangerfjorden er 179 km lang og er Noregs nest lengste fjord.

Dei enkelte delane av fjorden har eigne namn. Frå innløpet til botn av fjorden er desse Bømlafjorden, Halsnøyfjorden, Husnesfjorden, Kvinnheradsfjorden, Sildafjorden, Hissfjorden, Ytre Samlafjorden, Indre Samlafjorden, Utnefjorden, Eidfjorden og Simadalsfjorden. Den 38 km lange Sørfjorden er den lengste sidearmen.

Frå 1875 starta Thomas Cook vekentlege avgangar med turistskip frå London til Hardangerfjorden på grunn av den flotte naturen, isbreane og dei store fossefalla. Spesielt Sundal og Bondhusbreen var populær.

Sjå Ænes og Mauranger bygdalag si heimeside pil

Turforslag – Sundal pil


Verfenomen

Folgefonna er sagt å vera skuld i dei spesielle vindane du av og til kan sjå på fjorden mellom Rosendal og Snilstveitøy. Det er den store fonna som kjøler ned lufta. pil


Fonnabu

Fonnabu turisthytte er sjølvbetjent. Ho er den einaste turisthytta i landet som ligg ved kanten av ein isbre. Breføring over Folgefonna dagleg. pil

furebergfossen (c) bjarne øymyr

Furebergfossen

Dette fossefallet ligg midt i bilvegen mot Mauranger. Fossen er bratt, og har eit fall på omlag 20 meter, før han renn ut i Maurangerfjorden.

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - redaksjon@rosendal.net- nettsider og design: salikat design

 Arkiv >>