Laurdalselva

Er signaturen til Rosendal. Ser du den kvite streken som renn ned fjellsida, mellom Melderskin og Laurdalstind, så veit du kvar du er.

Nokre gonger tynn og veik og andre gonger brusande og vill. Laurdalselva er ein del av Hattebergvassdraget. Om Laurdalstind har teke namn etter elva eller omvendt skal vera usagt. Sikkert er det at det og i gamal tid må ha vore eit godt landemerke. Laurdalselva kjem frå Laurdalsvatnet som får tilsig frå store snømengder frå fjellsidene ikring.


Verfenomen

Folgefonna er sagt å vera skuld i dei spesielle vindane du av og til kan sjå på fjorden mellom Rosendal og Snilstveitøy. Det er den store fonna som kjøler ned lufta. pil


Fonnabu

Fonnabu turisthytte er sjølvbetjent. Ho er den einaste turisthytta i landet som ligg ved kanten av ein isbre. Breføring over Folgefonna dagleg. pil

furebergfossen (c) bjarne øymyr

Furebergfossen

Dette fossefallet ligg midt i bilvegen mot Mauranger. Fossen er bratt, og har eit fall på omlag 20 meter, før han renn ut i Maurangerfjorden.

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - redaksjon@rosendal.net- nettsider og design: salikat design

 Arkiv >>