Rosendal – Fjord og Fjell

Malmangernuten 890 moh

Malmangernuten liknar ein gamal elefant der han ligg og kviler attmed Rosendal. Ved foten av fjellet kan vi kvar vår sjå korleis Kufonna i nordveggen vert mindre og mindre. Endeleg er ho borte og ungane kan hoppa i sjøen.

Malmangernuten er mellom anna kjent for motbakkeløpet «Nuten opp».

Malmangernuten er godt besøkt. Mest fordi han er mogleg å bestiga på nokre timar, men og fordi han ligg lett tilgjengeleg. Samstundes er han ei utfordring. Ikkje tvil om at det dryp frå nasetippen om du gjer deg i kast med Malmangernuten. Men det er ein flott tur på god sti som er godt merka og den gir eit formidabelt utsyn. Både mot fjorden og Rosendal, men og innover mot Hattebergsvassdraget. Det er og fint å gå innover og koma ned i Muradalen.
Berekn to timar opp og to timar ned om du tek den mest brukte stien, som er opp og ned same veg med start i ved Rosendal Fjordhotel. Hugs gode kle og noko å drikka.

Malmangernuten frå Rosendal – raud – middels krevjande pil

Malmangernuten frå Hattebergsdalen – raud – middels krevjande pil

Fjellstreif med løpet Nuten opp går føre seg 6.-8. august pil


Verfenomen

Folgefonna er sagt å vera skuld i dei spesielle vindane du av og til kan sjå på fjorden mellom Rosendal og Snilstveitøy. Det er den store fonna som kjøler ned lufta. pil


Fonnabu

Fonnabu turisthytte er sjølvbetjent. Ho er den einaste turisthytta i landet som ligg ved kanten av ein isbre. Breføring over Folgefonna dagleg. pil

furebergfossen (c) bjarne øymyr

Furebergfossen

Dette fossefallet ligg midt i bilvegen mot Mauranger. Fossen er bratt, og har eit fall på omlag 20 meter, før han renn ut i Maurangerfjorden.

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - redaksjon@rosendal.net- nettsider og design: salikat design

 Arkiv >>