
Rosendal – Fjord og Fjell
Melderskin
Melderskin kan ein sjå langveges ifrå. Kjem du med Hardangerfjordekspressen frå Bergen viser den veg heilt frå Bjørnafjorden. Melderskin ruvar heile 1426 meter over havet. På biletet ligg Melderskin til venstre. Toppen ser vi ikkje.

Det er ei bragd å nå toppen av Melderskin.
Fjellet er rekna å vera fra før istida. «Toppflata av Melderskin er restar av eit gamalt sletteland, medan områda rundt er utgravne av store og små brear». Les vi i Naturhistorisk vegbok – Hordaland. Namnet stammar frå det norrøne ordet melder, som tyder «korn som blir male til mjøl» og skin som betyr glans eller skinn. Tydinga blir då «fjellet med eit skinande snølag på toppen».
Turen til Melderskin har fem støvlar og har svart gradering så turen er ikkje for den utrente eller høgsvimle. Men for ei utfordring og for ein tur.
Rosendalsfjella frå lufta!
Sjå Frode Leikvoll sin fantastiske video tatt frå mikrofly over fjella kring Rosendal. Sjå her 

Topptur-eldorado
Kvinnherad er eit eldorado for alle som likar seg på toppane. Her er ein rapport frå to karar som har gått over Bjørndalstraversen. Sjå her 

Malmangernuten 890 moh
Malmangernuten er mest kjent for «Nuten opp». Motbakkeløpet går føre seg i byrjinga av august kvart år. 

Rosendalsfjella
Fjella kring Rosendal reiser seg høgt til vers. Dei er frå venstre – (nord) – Melderskin 1426 moh, Laurdalstind 1307 moh, Andersfjellet 1211 moh og Malmangernuten 890 moh.

Fonnabu
Fonnabu turisthytte er sjølvbetjent. Ho er den einaste turisthytta i landet som ligg ved kanten av ein isbre. Breføring over Folgefonna dagleg. 

Furebergfossen
Dette fossefallet ligg midt i bilvegen mot Mauranger. Fossen er bratt, og har eit fall på omlag 20 meter, før han renn ut i Maurangerfjorden.














