Rosendal – Fjord og Fjell

Melderskin

Melderskin kan ein sjå langveges ifrå. Kjem du med Hardangerfjordekspressen frå Bergen viser den veg heilt frå Bjørnafjorden. Melderskin ruvar heile 1426 meter over havet. På biletet ligg Melderskin til venstre. Toppen ser vi ikkje.

Det er ei bragd å nå toppen av Melderskin.

Fjellet er rekna å vera fra før istida. «Toppflata av Melderskin er restar av eit gamalt sletteland, medan områda rundt er utgravne av store og små brear». Les vi i Naturhistorisk vegbok – Hordaland. Namnet stammar frå det norrøne ordet melder, som tyder «korn som blir male til mjøl» og skin som betyr glans eller skinn. Tydinga blir då «fjellet med eit skinande snølag på toppen».

Turen til Melderskin har fem støvlar og har svart gradering så turen er ikkje for den utrente eller høgsvimle. Men for ei utfordring og for ein tur.

Melderskin frå Kletta – svart – noko krevjande pil


Verfenomen

Folgefonna er sagt å vera skuld i dei spesielle vindane du av og til kan sjå på fjorden mellom Rosendal og Snilstveitøy. Det er den store fonna som kjøler ned lufta. pil


Fonnabu

Fonnabu turisthytte er sjølvbetjent. Ho er den einaste turisthytta i landet som ligg ved kanten av ein isbre. Breføring over Folgefonna dagleg. pil

furebergfossen (c) bjarne øymyr

Furebergfossen

Dette fossefallet ligg midt i bilvegen mot Mauranger. Fossen er bratt, og har eit fall på omlag 20 meter, før han renn ut i Maurangerfjorden.

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - redaksjon@rosendal.net- nettsider og design: salikat design

 Arkiv >>