
Rosendal – Fjord og Fjell
Turforslag
Elektrisk rullestol – grind kan førekoma
Lett – også med rullestol om det er nemt
Middels – for den vanlege trimmar
Krevjande – for den erfarne turgåar
Ekspert – for erfarne fjellfolk
Rusletur under ein time
Merka ruter henta frå Turstiprosjektet
Turstiprosjektet er eit samarbeid mellom Kvinnherad Turlag og Kvinnherad kommune. Link går til turomtale og kart på visit Sunnhordland
Rosendal – merka tursti

Hattebergsdalen – 1 time tur/retur
Myrdalsvatnet – 3 timar tur/retur
Skålafjell (Skjethaug) – 2 timar tur/retur
Skålafjell (Navarhaug) – 2 timar tur/retur
Skeisfjell – 5 timar tur/retur
Malmangernuten frå Hattebergsdalen – 5 timar tur/retur
Malmangernuten frå Rosendal – 4 timar tur/retur
Nordlifjell – 6 timar tur/retur
Melderskin – 7 timar tur/retur
Dimmelsvik/Omvikdalen – merka tursti
Aterstad og Tverrfjell – 2-4 timar tur/retur
Kviteggo – 3 timar tur/retur
Nonshaug – 4 timar tur/retur
Kvanto – 5 timar tur/retur
Løfallstrand – merka tursti
Ænes – merka tursti
Sundal – merka tursti
Nordrepollen – merka tursti
Populært med padling
Det er stadig fleire padlarar å sjå på fjorden, og i fjorden er det gode padletilhøve. Her eit bilete frå Kalvsund mot Rosendal. Større bilde 
“Rått på topp i Rosendal”
Ein særs vellukka Rosendal Skifestival gjekk av stabelen i slutten av april. Her kan du lesa meir på bloggen til Mari Wedum 
Merkte turstier – ny nettside
No er alle dei 69 merkte turstiane i Kvinnherad samla på tursti.kvinnherad.no. Denne lenkjer deg vidare til startpunkt og turkart du kan lasta ned. 
Rosendalsfjella frå lufta!
Sjå Frode Leikvoll sin fantastiske video tatt frå mikrofly over fjella kring Rosendal. Sjå her 
Kart over Rosendal
Eit hendig kart over Rosendal sentrum med oversyn over alt som er verdt å sjå. Kartet finn du i alle butikkar osb. i Rosendal. Eller du kan lasta det ned her 

Topptur-eldorado
Kvinnherad er eit eldorado for alle som likar seg på toppane. Her er ein rapport frå to karar som har gått over Bjørndalstraversen. Sjå her 

Rosendalsfjella
Fjella kring Rosendal reiser seg høgt til vers. Dei er frå venstre – (nord) – Melderskin 1426 moh, Laurdalstind 1307 moh, Andersfjellet 1211 moh og Malmangernuten 890 moh.

Furebergfossen
Dette fossefallet ligg midt i bilvegen mot Mauranger. Fossen er bratt, og har eit fall på omlag 20 meter, før han renn ut i Maurangerfjorden.



















