Rosendal – Rosendal – aktivitetar

Kvinnherad kyrkje

Oppå bakkane ovafor hamna i Rosendal ligg middelalderkyrkja i stein. Kyrkja vart bygd kring andre halvdel av 1200-talet. Materialane er stein, kalk og kleberstein. Stilen er gotisk/romansk. Fyrste gong ho vert omtala i kjeldene er i 1306.

Kyrkja vert og nytta til konsertar. Votivskipet som heng i taket er ein modell etter galeasen Petrus bygd i Skålafjæro av Jøraknuten.

Ho tilhøyrde i gamal tid garden Skåla. Baroniet i Rosendal sto som eigar av kyrkja frå baroniet vart oppretta i 1678 og heilt fram til 1910.

Den første baron Ludvig Rosenkranz, hans familie og seinare baronar, ligg balsamert i gravkapellet.

I 1913 vart kyrkja restaurert under leiinga av domkyrkjearkitekt Olaf Nordhagen.

Opningstider og omvisning pil

Les meir på kyrkja si heimeside pil

Folgefonna nasjonalparksenter

Finn du i andre høgda på Kvinnherad Turistinformasjon på kaien i Rosendal. pil

vangssago - foto (c) bjarne øymyr

Vangssago

Vennelaget for Vangssago er særs aktive. I tillegg til “sagedagar” er saga og blitt eit utgangspunkt for konsertar og kulturarrangement. pil

Skaaluren Skipsbyggjarmuseum

Mellom anna Roald Amundsen si Gjøa vart bygt i Rosendal. Her er mykje spanande å sjå. pil


Rosendal Kunstverkstad og gjesteatelier

Med sovekott som kan leigast av kunstnarar. Kunstverkstaden tilbyr og målekurs. pil

Riding

Rosendal rideklubb tilbyr ridekurs, samt utleige av hest, om du er på vitjing og kan ri i frå før. Alle ryttarar, nye og gamle er hjarteleg velkomne. pil

rosendal musikkfestival (c) bjarne øymyr

Rosendal Musikkfestival

Siste helga i mai er fast tidspunkt for musikkfestivalen. Neste festival kjem 25-27 mai 2012. pil

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - redaksjon@rosendal.net- nettsider og design: salikat design

 Arkiv >>