Rosendal – Det skjer

Malmanger prestegard

Malmanger gard er den gamle prestegarden i Rosendal frå 1700-talet. Frå Rosendal går du opp Skålagato, over brua og tek andre vegen til venstre.

Røykstovo er truleg den eldste trebygningen i Rosendal.

Gardstunet er freda og bygningane vert sett på som antikvarisk særs verdifulle. Den delen som er open for publikum inneheld den antatt eldste trebygningen i Kvinnherad – røykstovo frå midten av 1600-talet. Ho har blitt nennsomt restaurert ved hjelp av lokale ildsjelar.

I dag vert røykstovo mellom anna nytta til foredrag og kulturkveldar. Gjerne innafor kategoriane historie, fornminne og geologi. Her er og ei fast arkeologisk utstilling over fornminne frå området. Den syner korleis landskapet i Kvinnherad vart danna.

Meir om Malmanger prestegard kan du lesa på nettsida til Rosendalsstiftinga pil

Last ned Velkomen til Rosendal-kartet pil

Folgefonna nasjonalparksenter

Finn du i andre høgda på Kvinnherad Turistinformasjon på kaien i Rosendal. pil

vangssago - foto (c) bjarne øymyr

Vangssago

Vennelaget for Vangssago er særs aktive. I tillegg til “sagedagar” er saga og blitt eit utgangspunkt for konsertar og kulturarrangement. pil

Skaaluren Skipsbyggjarmuseum

Mellom anna Roald Amundsen si Gjøa vart bygt i Rosendal. Her er mykje spanande å sjå. pil


Rosendal Kunstverkstad og gjesteatelier

Med sovekott som kan leigast av kunstnarar. Kunstverkstaden tilbyr og målekurs. pil

Riding

Rosendal rideklubb tilbyr ridekurs, samt utleige av hest, om du er på vitjing og kan ri i frå før. Alle ryttarar, nye og gamle er hjarteleg velkomne. pil

rosendal musikkfestival (c) bjarne øymyr

Rosendal Musikkfestival

Siste helga i mai er fast tidspunkt for musikkfestivalen. Neste festival kjem 25-27 mai 2012. pil

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - redaksjon@rosendal.net- nettsider og design: salikat design

 Arkiv >>