
Rosendal – Kultur og historie
Rutebåtkaien 1874
Med dampskipa i fjordafart frå 1860-talet vart postgangen heilt omlagt. Etter 1871 var det Det Søndhordlandske Dampskibsselskab med d/s ”Søndhordland” og d/s” Hordaland” som trafikkerte denne ruta.
I 1872 kom det post til Rosendal fire dagar i veka i januar til mars. Resten av året var det 6 dagar. Fram til i 1874 vart posten henta ute på Skålavikjo med ekspedisjonsbåt. Det året kom Skålakaien, og båtane kunne leggja til der.
Det vart eit hamskifte for bygda med kai, handelsbua ”Kvinndherreds handelsforening” og hotell på Skåla frå 1887. Den nye vegen (Skålagato) frå 1870-åra tok all sjøsstrafikken frå aust, og den gamle handelsstaden Vang kom i bakleksa etter kvart.
Biletet (bileta) over viser gamlekaien og Guddalsbua frå 1912. Det (dei) er truleg frå mellomkrigstida. Dagens høgdpunktet var når dampen la til kaien ikring kl 8 om kvelden. Post, handelsvarer og reisande med kister og pakkenellikar fann vegen opp på kaien – før straumen snudde den andre vegen. Langs buaveggen og rekkverka stør karane seg. Dei har teke seg fri frå arbeidet. No syg dei i seg inntrykka med vakne, lure augo treffande kommentarar. Men impulsane gjekk også den andre vegen.

“Gurine” på nett
Galeasen “Gurine” ligg i Rosendal, og dugnaden er i gang. No kan du følge alt som skjer med skuta på Facebook, Twitter (@galeasgurine), eller på den nye nettsida. Sjå gurine.no 
“Gurine” heime i Rosendal
Fantastisk å sjå “Gurine” til kai i Rosendal. No startar den store dugnaden. Først skal skuta tømjast, og deretter på land for å bli satt i stand. Omtale på Husnesnett 

Rutebåtkaien 1874
Best å stilla i god tid, for rutebåten kunne vera både for tidleg og for sein. Men du var sjeldan åleine på kaien. 

Ænes kyrkje
Steinkyrkja på Ænes er eit flott syn der ho ligg høgt og flott med utsyn over fjorden. Ho vart truleg bygd på 1100-talet, og tilhøyrde garden Ænes













