vangssago - foto (c) bjarne øymyr

Rosendal – aktivitetar

Vangssago

Det har vore oppgangssag på Vang i Rosendal sidan slutten av 1500-talet. I siste del av 1800-talet auka behovet for trelast til skipsbygging, og Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone kjøpet derfor ei ny oppgangssag. Saga var i bruk til innpå 1930-talet.

vangssago - foto (c) bjarne øymyr

I 1997 vart det starta eit vennelag for Vangssago som skulle flytte saga. Etter 12 500 dugnadstimar var prosjektet gjennomført i 2005, og saga står no ved inngangen til Steinparken. I tillegg til “sagedagar” er saga og blitt eit utgangspunkt for konsertar og kulturarrangement.

Vangssago har eigen nettstad kor du kan lesa meir om sagedagar, kulturarrangement og historia om sago pil

Nothing Found

Sorry, no posts matched your criteria.

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - redaksjon@rosendal.net- nettsider og design: salikat design

 Arkiv >>