
Rosendal – mellom fjord, fjell og fonn
Om rosendal.net
rosendal.net – for fastbuande, turistar og tilflyttarar. Vi ønskjer at den skal spegla noko av det Rosendal og grannebygdene har å by på. Det skal vera ei side for deg og meg og turistar, tilflyttarar og besøkande. Vi er umåteleg glade i plassen vi bur på, og ønskjer å dela den med fleire.
Under utvikling
Dette er ein første versjon av rosendal.net. I denne runden har det ikkje vore mogleg å få med alt. Vi har ei lang liste over ting vi vil jobba vidare med og retta på, og legg opp til at rosendal.net heile tida skal vera i utvikling. Ikkje minst vil innspel og tilbakemeldingar frå brukarane vera viktige for den vidare utviklinga.
Feil eller ting som manglar?
Sjølv om ikkje alt er heilt på plass har vi vald å publisera nettstaden, fordi vi da reknar med at det vil komma innspel og kommentarar. Difor vil det vera feil og manglar på nettstaden. Flott om du kan senda mail til redaksjon@rosendal.net og fortelja oss om ting vi bør retta på. Sida vil bli oppdatert jevnleg – men ikkje kvar dag. Det betyr at du stadig vil finna noko nytt. Om det er på forsida, i kulturkalenderen under «Det skjer» eller på Kultur og Historiesidene.
Takk!
Stor takk til alle som bidreg med alt frå innspel, tips, bilete, kvalitetssikring og stoff. Ei ekstra takk til Marian Thunold og Jostein Hatteberg som har lånt oss domenenamnet rosendal.net. Kåre Eik, Kaare Skåla, Karen Løvfall Våge og Olav Øye som har hjulpe oss på ulike felt.
Opphavsrett
Opphavsretten til alt innhald på desse nettsidene høyrer til rosendal.net eller dei som har lånt ut t.d. bilete til nettportalen. Ein kan difor ikkje bruka bilete osb. frå rosendal.net utan tillatelse frå den som har opphavsretten.
Redaksjon
rosendal.net er kome på plass etter initiativ frå Rosendal Utvikling. I redaksjonen for rosendal.net sit Asbjørn Soltveit, Åslaug Snilstveit og Bjarne Øymyr.
Har du innspel eller kommentarar? Send ein e-post til redaksjon@rosendal.net.

Klart for 17. mai
17. mai nærmar seg. Det startar med salutt klokka sju. Så vert det gudsteneste og helsing ved bautaen. 17. mai-toget går innom Rosendalstunet på veg til folkefesten på Hestasletto.

Snart musikkfestival
Marit Larsen, Henning Kvitnes, Jan Toft og Ytre Suløen er berre nokre av artistane som kjem til Rosendal Musikkfestival i pinsehelga. Billettsalet har starta. Sjå nettsida 

Bodil Friele i Galleri G Guddal
Galleri G Guddal har utstilling med måleri av Bodil Friele. Utstillinga står til 19. mai.Les meir i kvinnheringen 
Storinnrykk i pinsehelga
Det blir storinnrykk i pinsehelga når Bergens Motorbåtforening legg vårturen sin til Rosendal og har tinga plass for heile 60 båtar i hamna. Den helga er det og musikkfestival! Meir… 

Stjernespekka Baroni-program
Leif Ove Andsnes, Susanne Sundfør, Anne Grete Preus, Sondre Lerche og Elizabeth Nordberg-Schulz er nokre av namna som kjem til Baroniet i sommar. Meir… 

Tredje beste gjestehamn!
Rosendal Hamn er blitt kåra til tredje beste hamn av lesarane til Båtmagasinet. Farsund vann, mens Tønsberg kom hårfint foran Rosendal. Meir
Web-kamera i gjestehamna
Stadig strøym av båtar til gjestehamna – men det er alltid plass til “ein til”. Med web-kamera kan du føljga med på båtlivet i Rosendal. Sjå her 

Bubilplass midt i Rosendal
Rosendal har plass for bubilar på kaikanten – midt i Rosenda. For tinging av plass: 53 48 46 66

Ridekurs
Rosendal Rideklubb ynskjer nye og gamle medlemmar velkomne til ridekurs. Det er framleis ledige plassar. Sjå her 

Vil du syngja i kor?
Rosendal songlag startar haustsesongen og ynskjer seg fleire songarar. Møt fram på Malmanger skule onsdagar kl. 19.00.

Fjellstreif vel i hamn
Fjellstreif 2010 er vel i hamn. Ikkje uventa var det Jonathan Wyatt og kona Antonella Confortola Wyatt som vann løpet. Les meir i Kvinnheringen 

Stor(d)fint besøk
Eit flott syn då Stord I la til kai i Rosendal fredag ettermiddag. Med ope skip og betasuppe og dans på kvelden, var det mange som fekk seg ei kjekk stund ombord.











