Foto (c) Bjarne Øymyr

Rosendal – mellom fjord, fjell og fonn

Om rosendal.net

rosendal.net – for fastbuande, turistar og tilflyttarar. Vi ønskjer at den skal spegla noko av det Rosendal og grannebygdene har å by på. Det skal vera ei side for deg og meg og turistar, tilflyttarar og besøkande. Vi er umåteleg glade i plassen vi bur på, og ønskjer å dela den med fleire.

Under utvikling

Dette er ein første versjon av rosendal.net. I denne runden har det ikkje vore mogleg å få med alt. Vi har ei lang liste over ting vi vil jobba vidare med og retta på, og legg opp til at rosendal.net heile tida skal vera i utvikling. Ikkje minst vil innspel og tilbakemeldingar frå brukarane vera viktige for den vidare utviklinga.

Feil eller ting som manglar?

Sjølv om ikkje alt er heilt på plass har vi vald å publisera nettstaden, fordi vi da reknar med at det vil komma innspel og kommentarar. Difor vil det vera feil og manglar på nettstaden. Flott om du kan senda mail til redaksjon@rosendal.net og fortelja oss om ting vi bør retta på. Sida vil bli oppdatert jevnleg – men ikkje kvar dag. Det betyr at du stadig vil finna noko nytt. Om det er på forsida, i kulturkalenderen under «Det skjer» eller på Kultur og Historiesidene.

Takk!

Stor takk til alle som bidreg med alt frå innspel, tips, bilete, kvalitetssikring og stoff. Ei ekstra takk til Marian Thunold og Jostein Hatteberg som har lånt oss domenenamnet rosendal.net. Kåre Eik, Kaare Skåla, Karen Løvfall Våge og Olav Øye som har hjulpe oss på ulike felt.

Opphavsrett

Opphavsretten til alt innhald på desse nettsidene høyrer til rosendal.net eller dei som har lånt ut t.d. bilete til nettportalen. Ein kan difor ikkje bruka bilete osb. frå rosendal.net utan tillatelse frå den som har opphavsretten.

Redaksjon

rosendal.net er kome på plass etter initiativ frå Rosendal Utvikling. I redaksjonen for rosendal.net sit Asbjørn Soltveit, Åslaug Snilstveit og Bjarne Øymyr.

Har du innspel eller kommentarar? Send ein e-post til redaksjon@rosendal.net.

Nothing Found

Sorry, no posts matched your criteria.

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - redaksjon@rosendal.net- nettsider og design: salikat design

 Arkiv >>