Rosendal og grannebygdene

Lag og organisasjonar

Vi har eit rikt lags- og organisasjonsliv. Turnlaget, songlaget og musikklaget har tradisjonar som går langt attende. I dag er det spesiellt fotballen, både for gutar og jenter, som er populært.

Her er og lokale avdelingar av kulturskulen. Rosendal Musikklag er særleg aktivt, her er både A og B lag og musikantar i alle aldrar. Det kristne lagsarbeidet må heller ikkje gløymast. Å overnatta i kyrkje når du er ti år er noko av det mest spanande ein kan oppleva.

Nedanfor finn du ei førebels liste over organisasjonar. Sjekk ut dei einskilde laga. Du finn heilt sikkert noko som passar nett deg, eller nokon du kjenner. Nokre har link til eiga heimeside.

Rosendal songlag © Bjarne Øymyr

Vil du syngja i kor?

Rosendal songlag og dirigent Maria Malmsten startar haustsesongen og ynskjer seg fleire songarar. Møt fram på Malmanger skule onsdagar kl. 19.00.

Skyttarstemen © Kvinnheringen

Fantastisk skyttarstemne!

Eit fantastisk stemne, er domen frå leiar i Hordakretsen, Erling Eriksen, etter Vestlandsstemnet i skyting i Rosendal og i Midthølen i helga. Sjå Kvinnheringen pil

Loppemarknad © Bjarne Øymyr

Populært med loppemarknad!

Nok ein gong vart det knallsuksess for den årlege loppemarknaden til Rosendal skulemusikk. Meir i Kvinnheringen pil


Rosendal Turnlag

Idretten i Rosendal og bygdene ikring er organisert under Rosendal Turnlag. Her finn du fotball, turn, trim, judo, ski og mykje meir. pil

Kvinnherad Turlag

Turlaget har mange aktive medlemer i og omkring Rosendal. Dei arrangerar fjellturar og breturar og er ansvarlege for hyttene Breidablikk og Fonnabu. pil


Kvinnherad hesteskysslag

Vil du læra å kjøra med hest pg kjerre? Bli med i Kvinnherad Hesteskysslag. Laget har aktive kuskar, ryttarar, hesteeigarar og støttemedlemmer. pil


Rosendal Musikklag

Med røter frå 1896, kan laget skryta på seg å vera eit av dei eldste korpsa i Noreg. I dag har dei både A- og B-lag og musikantar i alle aldrar. pil

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Er ikkje berre kjent for dei gode mjelkekakene, men og for å stå bak kurs i mellom anna hardangersaum.

Riding

Rosendal rideklubb tilbyr ridekurs, samt utleige av hest, om du er på vitjing og kan ri i frå før. Alle ryttarar, nye og gamle er hjarteleg velkomne. pil

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - redaksjon@rosendal.net- nettsider og design: salikat design

 Arkiv >>