Rosendal – mellom fjord, fjell og fonn
Aktivitetar
Denne nettstaden dekker området frå Ljosnes og inn fjorden til Folgefonntunnelen. Vi er veldig stolte over det flotte Baroniet som bygda Rosendal har teke namn etter og som ligg i hellinga ovafor bygda. Her vert det kvart år arrangert ei mengde med konsertar og foredrag. Rosendal er hovedbygda i området. Dei andre bygdene er Omvikdalen, Seimsfoss, Snilstveitøy, Løfallstrand, Lyngstrand, Ænes, Sundal, Austrepollen og Nordrepollen.
Kulturbygda Rosendal har mykje å by på. Her foregår heile fira festivalar i løpet av året. Rosendal Musikkfestival, Rosendal Mat & Kunstfestival, Fjellstreif og Jul i Rosendal.
Den gamle Vangssago som er restaurert og sett i stand på dugnad, vert nytta som scene for fleire kulturarrangement. Vi har Steinparken eit steinkast lengre oppe langs elva. Kvinnherad kyrkje er frå 1200-talet, og lenger inne i fjorden ligg Ænes kyrkje frå 1100-talet. Vel verdt eit besøk.
Malmanger prestegard har ei røykstove som truleg er den eldste trebygningen i Kvinnherad. Vi har Skaaluren Skipsbyggjarmuseum med Skaalurensamlinga; den gamle butikken og Husmorsamlinga i Guddalsbua. Folgefonna Nasjonalparksenter ligg i andre etasje på Turistinformasjonen som du finn på kaien i Rosendal.
I tillegg er her Putballbane, badestrender, galleri, kafear og butikkar. For ikkje å gløyma flotte fjell, som berre ligg der og vil utforskast.
Sjå Turforslag under Fjord og fjell
- Baroniet Rosendal
- Vangssago
- Steinparken
- Kvinnherad kyrkje
- Malmanger prestegard
- Skaaluren Skipsbyggjarmuseum
- Folgefonna Nasjonalparksenter
- Kvinnherad Turistinformasjon
- Tur rundt Hattebergfossen
- Båtliv
- Bading
Kajakkpadling til breen eller rundt Kalven
Bli med på padletur, eller lei deg ein kajakk i Rosendal. Wilderness Norway
Flotte bilder frå skifestivalen
Turisthotellet har lagt ut flotte bilder frå Rosendal skifestival som gjekk av stabelen under flotte forhold no i helga!
Sagedagar på Vangssago
Torsdagar i juli er sagedagar, og du kan sjå korleis ei vassdreven oppgangssag verkar. Vangssago ligg like ved Steinparken i Rosendal.
Merkte turstier – ny nettside
No er alle dei 69 merkte turstiane i Kvinnherad samla på tursti.kvinnherad.no. Denne lenkjer deg vidare til startpunkt og turkart du kan lasta ned.
Tidsaksen avduka
Laurdag var det stemningsfull opning av Tidsaksen i Steinparken med Jørn Hurum, Synnøve Solbakken, Jazzverket med eige bestillingsverk og kring 200 tilskodarar.
Skipinse!
Pinsa markerar ofte sesongstart på Blådalshorga, alt etter når det vert brøyta i. Berre å ta på skia ved parkeringsplassen. Her Bård Haugen Valvatne i farta! Sjå bilete
Om du treng skyss…
…og er lei av bil, buss og fly – kan du til dømes tinga hestetransport i Rosendal. Sjå nettsida til
Topptur-eldorado
Kvinnherad er eit eldorado for alle som likar seg på toppane. Her er ein rapport frå to karar som har gått over Bjørndalstraversen.
Baroniet Rosendal
Baroniet er omgitt av ein hage som er omtala i alle dei glansa magasina. Kva med lunsj i Hage-kafeen eller omvisning i dei flotte salane inne.
Bading
Å leika seg i sjøen er morosamt for alle. Her er fleire fine badeplassar. Sjå her
Kvinnherad kyrkje
Oppå bakkane ovafor hamna i Rosendal ligg middelalderkyrkja i stein. Kyrkja vart bygd kring andre halvdel av 1200-talet.
Malmanger prestegard
Gardstunet er freda. Den delen som er open for publikum inneheld den antatt eldste trebygingen i Kvinnherad – røykstovo frå midten av 1600-talet.
Båtliv
Det summar av liv på fjorden sommarsdagen, ja heile året. Rosendal Hamn ligg midt i Rosendal. Her er og fleire andre båthamner i området.
Hesteskyss
Kvinnherad hesteskysslag tilbyr hesteskyss ikkje berre til bryllup og fest. Ta deg ein rundtur med hest og kjerre i bygda, det er ei stor oppleving.
Tur rundt Hattebergfossen
Kva med ein liten rusletur rundt Hattebergsfossen. Turen går i lett terreng og passar ung og gamal, store og små.
Fiske på fjorden
Tidleg om morgonen er det fint å vera ute og fiska. Då er verda di og kan hende bit fisken. Og så er du heime før frokost…