
Rosendal – mellom fjord, fjell og fonn
Bygda vår
Denne nettstaden dekker bygdene som ligg mellom Ljosnes i sør og Folgefonnstunellen i nord. Rosendal er hovedbygda i dette området. Dei andre bygdene er: Dimmelsvik, Seimsfoss, Rosendal, Snilstveitøy, Løfallstrand, Lyngstrand, Ænes, Sundal, Austrepollen, Nordrepollen og Gjetingsdalen.
Ænes og Sundal har eige bygdalag med flott nettside. Vi vil difor mest mogleg linka til denne der det er naturleg.
Rosendal og grannebygdene har tradisjonelt vore eit landbruksområde og er det framleis. Det største samanhengande jordbruksområdet i Hordaland finn ein i Dimmelsvik – Omvikdalen.
Nest etter jordbruk er skipsbygging framleis ei stor næring.
Turistane har alltid vore velkomne, og spesiellt Rosendal med Baroniet og Bondhusbrea i Sundal er populære reisemål. I dag er også fjellheimen, Steinparken, Malmanger prestegard, Putballbane og båthamner med på å trekkja turistar. Velkomne skal de vera. Vi ønskjer å vera ein god stad å besøka og ein flott stad å leva og å bu i.
Meir om verksemder – sjå Næringsliv 
Web-kamera i gjestehamna
Stadig strøym av båtar til gjestehamna – men det er alltid plass til “ein til”. Med web-kamera kan du føljga med på båtlivet i Rosendal. Sjå her 

Kvinnherad kommune
Kommunen vår er ein av dei største i Hordaland med i underkant av 14 000 innbyggjarar. Ordførar er Synnøve Solbakken. Kommune-administrasjonen sit i rådhuset i Rosendal. 

Jobbe her
Vi har låg arbeidsløyse. Her er fleire industriarbeidsplassar, samt arbeidsplassar innanfor jordbruk, kultur, turisme, helse, skule, barnehage og handel m.m. NAV 











