vangssago - foto (c) bjarne øymyr

Rosendal – aktivitetar

Vangssago

Det har vore oppgangssag på Vang i Rosendal sidan slutten av 1500-talet. I siste del av 1800-talet auka behovet for trelast til skipsbygging, og Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone kjøpet derfor ei ny oppgangssag. Saga var i bruk til innpå 1930-talet.

vangssago - foto (c) bjarne øymyr

I 1997 vart det starta eit vennelag for Vangssago som skulle flytte saga. Etter 12 500 dugnadstimar var prosjektet gjennomført i 2005, og saga står no ved inngangen til Steinparken. I tillegg til “sagedagar” er saga og blitt eit utgangspunkt for konsertar og kulturarrangement.

Sjå kulturkalendar for sagedagar og konsertar. pil

17. mai i Rosendal © Bjarne Øymyr

Klart for 17. mai

17. mai nærmar seg. Det startar med salutt klokka sju. Så vert det gudsteneste og helsing ved bautaen. 17. mai-toget går innom Rosendalstunet på veg til folkefesten på Hestasletto.

marit larsen © pressebilde

Snart musikkfestival

Marit Larsen, Henning Kvitnes, Jan Toft og Ytre Suløen er berre nokre av artistane som kjem til Rosendal Musikkfestival i pinsehelga. Billettsalet har starta. Sjå nettsida pil

Bodil Friele med måleri i Galleri G Guddal 28. april - 19. mai © Gitte Sætre

Bodil Friele i Galleri G Guddal

Galleri G Guddal har utstilling med måleri av Bodil Friele. Utstillinga står til 19. mai.Les meir i kvinnheringen pil

Rosendal Hamn © Bjarne Øymyr

Storinnrykk i pinsehelga

Det blir storinnrykk i pinsehelga når Bergens Motorbåtforening legg vårturen sin til Rosendal og har tinga plass for heile 60 båtar i hamna. Den helga er det og musikkfestival! Meir… pil

leif ove andsnes © Felix Broede

Stjernespekka Baroni-program

Leif Ove Andsnes, Susanne Sundfør, Anne Grete Preus, Sondre Lerche og Elizabeth Nordberg-Schulz er nokre av namna som kjem til Baroniet i sommar. Meir… pil

rosendal hamn © bjarne øymyr

Tredje beste gjestehamn!

Rosendal Hamn er blitt kåra til tredje beste hamn av lesarane til Båtmagasinet. Farsund vann, mens Tønsberg kom hårfint foran Rosendal. Meir pil

rosendal hamn © rosendal hamn

Web-kamera i gjestehamna

Stadig strøym av båtar til gjestehamna – men det er alltid plass til “ein til”. Med web-kamera kan du føljga med på båtlivet i Rosendal. Sjå her pil

Bobilplassen i Rosendal © bjarne øymyr

Bubilplass midt i Rosendal

Rosendal har plass for bubilar på kaikanten – midt i Rosenda. For tinging av plass: 53 48 46 66


Ridekurs

Rosendal Rideklubb ynskjer nye og gamle medlemmar velkomne til ridekurs. Det er framleis ledige plassar. Sjå her pil

Rosendal songlag © Bjarne Øymyr

Vil du syngja i kor?

Rosendal songlag startar haustsesongen og ynskjer seg fleire songarar. Møt fram på Malmanger skule onsdagar kl. 19.00.

Rosendalsfjella © Bjarne Øymyr

Fjellstreif vel i hamn

Fjellstreif 2010 er vel i hamn. Ikkje uventa var det Jonathan Wyatt og kona Antonella Confortola Wyatt som vann løpet. Les meir i Kvinnheringen pil

Stord I i Rosendal (c) bjarne øymyr

Stor(d)fint besøk

Eit flott syn då Stord I la til kai i Rosendal fredag ettermiddag. Med ope skip og betasuppe og dans på kvelden, var det mange som fekk seg ei kjekk stund ombord.


Kulturkalender

Her kan du finna eit oversyn over arrangement i Rosendal og bygdene omkring. Meld frå til post@rosendal.net om du saknar noko.pil

Baroniet Rosendal

Baroniet er ikkje berre rik på historie, men har og eit breitt tilbod når det gjeld konsertar, utstillingar, teater, foredrag, matservering, parkanlegg, overnatting med meir. pil


Nytt Bustadfelt i Øvre Neslia

Asbjørn Soltveit i Rosendal Utvikling jobbar for å få regulert Øvre Neslia til bustadtomter. Området er på kring 25 mål. pil


Galleri G Guddal

Galleriet ligg i det gamle meieriet i Skålafjæro. Her er det kunst i alle kategoriar som pryder veggane. Galleriet har kaffebar med servering. pil

vangssago - foto (c) bjarne øymyr

Vangssago

Vennelaget for Vangssago er særs aktive. I tillegg til “sagedagar” er saga og blitt eit utgangspunkt for konsertar og kulturarrangement. pil

galleri rosendal (c) bjarne øymyr

Galleri Rosendal

Biletgalleriet held til i det gamle flotte huset som ligg i svingen opp til Baroniet. Sjå innom, alltid noko spanande.

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - redaksjon@rosendal.net- nettsider og design: salikat design

 Arkiv >>