
Rosendal – Fjord og Fjell
Verfenomen
Folgefonna er sagt å vera skuld i dei spesielle vindane du av og til kan sjå på fjorden mellom Rosendal og Snilstveitøy. Det er den store fonna som kjøler ned lufta som då er tyngre enn den varmare lufta omkring. Dette gjer at ein får sterke fallvindar ned Hattebergsdalen og Melsdalen.
Får ein då kraftig lågtryk i tillegg får ein uvanleg sterk vind som då lagar kvervelvindar på sjøen. Dei har ofte orkan styrke og syg opp vatn i søyler eller veggar som flyttar seg ut fjorden og kan bli opp til 150 meter høge.
Kjelde Naturhistorisk vegbok – Hordaland
Populært med padling
Det er stadig fleire padlarar å sjå på fjorden, og i fjorden er det gode padletilhøve. Her eit bilete frå Kalvsund mot Rosendal. Større bilde 
“Rått på topp i Rosendal”
Ein særs vellukka Rosendal Skifestival gjekk av stabelen i slutten av april. Her kan du lesa meir på bloggen til Mari Wedum 
Merkte turstier – ny nettside
No er alle dei 69 merkte turstiane i Kvinnherad samla på tursti.kvinnherad.no. Denne lenkjer deg vidare til startpunkt og turkart du kan lasta ned. 
Rosendalsfjella frå lufta!
Sjå Frode Leikvoll sin fantastiske video tatt frå mikrofly over fjella kring Rosendal. Sjå her 
Kart over Rosendal
Eit hendig kart over Rosendal sentrum med oversyn over alt som er verdt å sjå. Kartet finn du i alle butikkar osb. i Rosendal. Eller du kan lasta det ned her 

Topptur-eldorado
Kvinnherad er eit eldorado for alle som likar seg på toppane. Her er ein rapport frå to karar som har gått over Bjørndalstraversen. Sjå her 

Rosendalsfjella
Fjella kring Rosendal reiser seg høgt til vers. Dei er frå venstre – (nord) – Melderskin 1426 moh, Laurdalstind 1307 moh, Andersfjellet 1211 moh og Malmangernuten 890 moh.

Furebergfossen
Dette fossefallet ligg midt i bilvegen mot Mauranger. Fossen er bratt, og har eit fall på omlag 20 meter, før han renn ut i Maurangerfjorden.



















