
Rosendal kultur og historie
Baroniet Rosendal
I 1658 sto det bryllup mellom Noregs rikaste arving og ein stolt dansk adelsmann. Karen Mowat og Ludvig Rosenkrantz fekk garden Hatteberg i Kvinnherad i bryllupsgåve, og her bygde dei seg sitt vesle slott som dei kalla Rosendal. Slottet sto ferdig i 1665.
Baroniet er rik på historie, men har eit breitt tilbod både når det gjeld konsertar, utstillingar, teater, foredrag, matservering, parkanlegg, overnatting med meir.
Lunsj i det victorianske drivhuset er ein sikker vinnar. Friske, økologisk dyrka råvarer frå kjøkken- og urtehagen vert hausta dagleg gjennom heile sesongen, og pregar menyane i restauranten.
“Gurine” på nett
Galeasen “Gurine” ligg i Rosendal, og dugnaden er i gang. No kan du følge alt som skjer med skuta på Facebook, Twitter (@galeasgurine), eller på den nye nettsida. Sjå gurine.no 
“Gurine” heime i Rosendal
Fantastisk å sjå “Gurine” til kai i Rosendal. No startar den store dugnaden. Først skal skuta tømjast, og deretter på land for å bli satt i stand. Omtale på Husnesnett 

Rutebåtkaien 1874
Best å stilla i god tid, for rutebåten kunne vera både for tidleg og for sein. Men du var sjeldan åleine på kaien. 

Ænes kyrkje
Steinkyrkja på Ænes er eit flott syn der ho ligg høgt og flott med utsyn over fjorden. Ho vart truleg bygd på 1100-talet, og tilhøyrde garden Ænes













