Rosendal – mellom fjord, fjell og fonn

Kultur og historie

Var det ei ”våpensmia” arkeologane avdekka inne på Skåla i 2003? Mengder av flintflekker og avslag vart funne 20 m.o.h. ved det som for 6-7000 år sidan var fjordstranda då. Då er vi midt i steinalderen, og landformene var stort sett å sjå til som i dag. Berre få av dei hadde namn, og ingen av dei eldste namna er levande i dag.

For nær 5000 år sidan busette dei første jordbrukarane seg på landstripa mellom dei store dalmunningane og Kvinnhersvikjo. Der fann dei beite- og jaktmarker. Der dyrka dei korn på morenar og elveavsetningar. Der fann dei fiskerike elvar og, ikkje minst, her hadde dei fjorden – til matbu og ferdselsveg.

Det aular av fornminne i bøane på dei sentrale gardane. Dei er frå yngre jarnalder, bronsealder og seinare kulturperiodar. Faste og lause funn fortel oss utviklingssoga gjennom dei førhistoriske kulturperiodane i grove trekk. Men det er først frå vikingtida og mellomalderen at utviklingstrekka vert rikare og meir nyanserte.

I denne spalta vil kulturhistoria få eit talerøyr. Vi vil fortelja om det som er storslege og sentralt i kultur og historie, men òg om slikt som har vore lågmælt og lite kjent.

Sjå Baroniet sitt eige arkiv pil

Sjå Digitalarkivet pil

marit larsen © pressebilde

Snart musikkfestival

Marit Larsen, Henning Kvitnes, Jan Toft og Ytre Suløen er berre nokre av artistane som kjem til Rosendal Musikkfestival i pinsehelga. Billettsalet har starta. Sjå nettsida pil

Måleri av Gurine

“Gurine” på nett

Galeasen “Gurine” ligg i Rosendal, og dugnaden er i gang. No kan du følge alt som skjer med skuta på Facebook, Twitter (@galeasgurine), eller på den nye nettsida. Sjå gurine.no pil

Galeasen Gurine (c) Bjarne Øymyr

“Gurine” heime i Rosendal

Fantastisk å sjå “Gurine” til kai i Rosendal. No startar den store dugnaden. Først skal skuta tømjast, og deretter på land for å bli satt i stand. Omtale på Husnesnett pil


Rutebåtkaien 1874

Best å stilla i god tid, for rutebåten kunne vera både for tidleg og for sein. Men du var sjeldan åleine på kaien. pil

enes kyrkje (c) bjarne øymyr

Ænes kyrkje

Steinkyrkja på Ænes er eit flott syn der ho ligg høgt og flott med utsyn over fjorden. Ho vart truleg bygd på 1100-talet, og tilhøyrde garden Ænes

Baroniet Rosendal

Baroniet er omgitt av ein hage som er omtala i alle dei glansa magasina. Kva med lunsj i Hage-kafeen eller omvisning i dei flotte salane inne. pil


Kvinnherad kyrkje

Oppå bakkane ovafor hamna i Rosendal ligg middelalderkyrkja i stein. Kyrkja vart bygd kring andre halvdel av 1200-talet. pil


Rosendalsvotten

Rosendalsvotten var eit nyhende under Jul i Rosendal. No vil alle strikka Rosendalsvotten. pil

Malmanger prestegard

Gardstunet er freda. Den delen som er open for publikum inneheld den antatt eldste trebygingen i Kvinnherad – røykstovo frå midten av 1600-talet. pil

Gamle bilete

Kvinnherad kommune digitaliserer gamle bilete. Sjå om du ikkje finn bestemor eller konfirmasjonsbilete av far din. Også billedarkivet til fotograf Røvde som hadde atelier i Rosendal finn du her. pil

vangssago - foto (c) bjarne øymyr

Vangssago

Vennelaget for Vangssago er særs aktive. I tillegg til “sagedagar” er saga og blitt eit utgangspunkt for konsertar og kulturarrangement. pil

Skaaluren Skipsbyggjarmuseum

Mellom anna Roald Amundsen si Gjøa vart bygt i Rosendal. Her er mykje spanande å sjå. pil

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - redaksjon@rosendal.net- nettsider og design: salikat design

 Arkiv >>