Sundal (c) Bjarne Øymyr

Rosendal – bygda vår

Rosendal og grannebygdene

Rosendal er hovedbygda

Har fått namnet sitt etter Baroniet Rosendal. Men det var først då Rutebåtane byrja å gå at det vart teke i bruk. Rosendal er i dag ei levande kulturbygd som er meir enn Baroniet. Her er alt frå bønder til kunstnarar busette. Her er kaffebarar og gallerier side om side med meir tradisjonelle verksemder. Turistane er som for fleire av grannebygdene ei spanande og utfordrande næring. Og med ny båthamn har fjordbygda Rosendal endeleg blitt ein stad kor båten ligg trygt.

Kvart år er det fleire festivalar. Det startar med Rosendal Musikkfestival siste helga i mai. Anna kvart år – i byrjinga av juli finn Rosendal Mat & Kunstfestival stad. I byrjinga av august er det tid for Fjellstreif – ein festival som nok er mest kjent for «Nuten Opp». Så summar vi oss litt før vi avsluttar året med kultur og marknadsdagane Jul i Rosendal, siste helga i november.

Omvikdalen – Hordaland si versjon av Jæren

Med postadresse Dimmelsvik, er den rikaste og største samanhengande jordbruksarealet i heile Hordaland. Her er smale vegar og driftige bønder. Frå dei minste bruka til store samdriftsfjøs som vert styrt av data.

I Omvikdalen har dei folk som kan kunsten å laga alt frå mjelkekaker til potetkaker og anna spanande som ein kjem langvegs frå for å kjøpa. Omvikdalen har eit rikt og aktivt bygdemiljø. I 2009 hadde dei babyboom og premiering. Og dei klarte å mobilisera og redda skulen i bygda. Omvikdalen Ungdomslag eig og driv Dalheim – ungdomshuset som ligg ved sida av skulehuset.

Seim – med elv og sagbruk frå gamalt

eller Seimfoss ligg attmed elva. Ein vakker stad med naust i rekkje og rad.
Her finn du butikk og trelasthandel, samt byggefelt og vegen til Guddal. Dessutan er det her Schat-Harding har hovudkontor og produksjon av livbåtar.

Løfallstrand – med aktivt bygdalag

Bygdelaget på Løfallstrand har teke over barneskulen og driv huset som grendahus med bla utleige til Bunadstilvirkingverksemd. På Bunadskroken kan du få sydd Kvinnheradsdrakta di – eller om du heller vil – ein Hardangerbunad. Løfallstrand har mange fine gamle hus og campinghytter ned mot sjøen.

Årsnes – det nye ferjestøet

Her kjem det nye ferjeleiet som skal avløysa Løfall i sommar. Her har tidlegare vore skipsbyggarverksemd. Noko industri er det her framleis.

Ænes – med steinkyrkje frå 1100-talet

På Harald Gilles tid kring 1130 høyrer vi om Gaut på Ænes. Det er ein staseleg gard frå middelalderen.

Steinkyrkja på Ænes er eit flott syn der ho ligg høgt og flott med utsyn over fjorden. Ho vart truleg bygd på 1100-talet. Og er såleis endå eldre enn Kvinnherad kyrkje.

Frå 1600-talet og fram til 1901 høyrde både garden Ænes og kyrkja til baroniet i Rosendal. På Ænes vaks det fram ein handelsstad etter 1842. Sjå sjøbua nede med kaien. I dag er Ænes mest kjent for Æneselva og nybygde hytter samt campingplass.

Les meir på Ænes og Sundal bygdalag si heimeside pil

Sundal – med tursti til Fonnabu og brea

Fekk tidleg besøk av dei store turistskipa. Turistane ville inn og sjå Bondhusbreen. Her var Hotel og krambu frå ca 1889. Turistane vart frå midten av 1800-talet frakta på hesteryggen opp til brekanten. Så vart det bytta til sleder og det gjekk i kanefart over breen til Odda. Her steig dei ombord i cruiseskipet att.
I dag er keiserstigen restaurert. Det er ein krevjande tur å gå til Kvilehytta Breidablikk ved brekanten. På den sjølvbetjente turisthytta Fonnabu kan du overnatta. Ein kan ikkje kryssa breen utan guide. Bondhusvatnet og Bondhusbreen er dei mest populære attraksjonane. Biletet øverst på sida er frå Sundal.

Folgefonna Breførarlag pil

Sjå under Fjord og Fjell – Turforslag – Sundal pil

Les meir på Ænes og Sundal bygdalag si heimeside pil

Snilstveitøy og Kalven – øyane rett utanfor Rosendal

Snilstveitøy har anløp av Hardangerfjordekspressen (stjernestopp). Det gjer at det kan bu folk på øya. Øya er og kjent for å vera eit ferieparadis med Gjestehamn og Landhandel.

Det vert drive aktivt landbruk. Og i år skal her fellast fleire dyr under hjortejakta enn nokon gong. Snilstveitøy har eigen nettavis – Øyaposten.no. Øyaposten har og ei trykt utgåve. Snilstveitøy vert lokalt omtala som Øyo. Kalven er den vetle øya som ligg utanfor Snilstveitøy.

Les meir på Øyaposten pil

Rosendal Mat- og Kunstfestival © Bjarne Øymyr

Sydlandsk i Rosendal

Fantastisk vellukka mat- og kunstfestival 2012 + skyttarstemne skapte sydlansk stemning. Fullt opp med båtar i gjestehamna og bubilar på bubilparkeringa! Sjå her pil

rosendal hamn © rosendal hamn

Web-kamera i gjestehamna

Stadig strøym av båtar til gjestehamna – men det er alltid plass til “ein til”. Med web-kamera kan du føljga med på båtlivet i Rosendal. Sjå her pil


Rosendal Utvikling

Jobbar både for bedrifter og private i Rosendal og bygdene omkring. Alt frå skule og næring til samferdsle og marknadsføring står på agendaen. pil

Maurangerfjorden © Bjarne Øymyr

Bygdene

Bygdene som ligg mellom Ljosnes og Folgefonnstunellen i nord vert dekka av rosendal.net. Meir om Rosendal og grannebygdene. pil


Flytte hit

Kvinnherad kommune er ein kommune som sjølv i disse dagar har låg arbeidsløyse. Her er fint å jobbe og fint å bu. Velkomen skal du vera. pil


Kvinnherad kommune

Kommunen vår er ein av dei største i Hordaland med i underkant av 14 000 innbyggjarar. Ordførar er Synnøve Solbakken. Kommune-administrasjonen sit i rådhuset i Rosendal. pil


Jobbe her

Vi har låg arbeidsløyse. Her er fleire industriarbeidsplassar, samt arbeidsplassar innanfor jordbruk, kultur, turisme, helse, skule, barnehage og handel m.m. NAV pil


Kurs og utdanning

Med snøggbåtruta kan du få med deg ein heil skule- eller kursdag i Bergen. Saman med Kvinnherad videregåande skule og Friundervininga på Husnes er distriktet bra rusta. pil


Skule

Her er barneskule og ungdomskule. Nyrenovert vidaregåande skule KVV finn du på Husnes. pil


Barnehage

Det er fleire barnehagar i Rosendal og bygdene ikring. Den nye barnehagen på Jensajordet i Rosendal er nett ferdig. For meir info om barnehagen der du bur. pil


Pendling

Fleire og fleire pendlar til eller frå distriktet. Og då gjerne med snøggbåten som og går innom Flesland kai. Om morgonen er du i Bergen kl. 08.30 pil

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - redaksjon@rosendal.net- nettsider og design: salikat design

 Arkiv >>