Rosendal – Bygda vår
Flytte hit
Her er lågare bustadprisar og fin utsikt. Her kan du og familien din leva eit fritt og fint liv med naturen som ven og nabo. Idrettsanlegg og skianlegg er like i nærleiken, fjord og fjell og gode og trygge oppvekstvilkår kan vi tilby.
Her er god plass til mange fleire. Ta med deg pikk og pakk, ungar og svigermødre. Velkomen skal de vera.
Meir om Rosendal og grannebygdene kan du lesa under – Bygdene
Sjå Kvinnherad kommune sine nettsider
Sjå Næringsliv
Sydlandsk i Rosendal
Fantastisk vellukka mat- og kunstfestival 2012 + skyttarstemne skapte sydlansk stemning. Fullt opp med båtar i gjestehamna og bubilar på bubilparkeringa! Sjå her
Web-kamera i gjestehamna
Stadig strøym av båtar til gjestehamna – men det er alltid plass til “ein til”. Med web-kamera kan du føljga med på båtlivet i Rosendal. Sjå her
Rosendal Utvikling
Jobbar både for bedrifter og private i Rosendal og bygdene omkring. Alt frå skule og næring til samferdsle og marknadsføring står på agendaen.
Bygdene
Bygdene som ligg mellom Ljosnes og Folgefonnstunellen i nord vert dekka av rosendal.net. Meir om Rosendal og grannebygdene.
Flytte hit
Kvinnherad kommune er ein kommune som sjølv i disse dagar har låg arbeidsløyse. Her er fint å jobbe og fint å bu. Velkomen skal du vera.
Kvinnherad kommune
Kommunen vår er ein av dei største i Hordaland med i underkant av 14 000 innbyggjarar. Ordførar er Synnøve Solbakken. Kommune-administrasjonen sit i rådhuset i Rosendal.
Jobbe her
Vi har låg arbeidsløyse. Her er fleire industriarbeidsplassar, samt arbeidsplassar innanfor jordbruk, kultur, turisme, helse, skule, barnehage og handel m.m. NAV
Kurs og utdanning
Med snøggbåtruta kan du få med deg ein heil skule- eller kursdag i Bergen. Saman med Kvinnherad videregåande skule og Friundervininga på Husnes er distriktet bra rusta.
Skule
Her er barneskule og ungdomskule. Nyrenovert vidaregåande skule KVV finn du på Husnes.
Barnehage
Det er fleire barnehagar i Rosendal og bygdene ikring. Den nye barnehagen på Jensajordet i Rosendal er nett ferdig. For meir info om barnehagen der du bur.