Rosendal – Fjord og Fjell
Verfenomen
Folgefonna er sagt å vera skuld i dei spesielle vindane du av og til kan sjå på fjorden mellom Rosendal og Snilstveitøy. Det er den store fonna som kjøler ned lufta som då er tyngre enn den varmare lufta omkring. Dette gjer at ein får sterke fallvindar ned Hattebergsdalen og Melsdalen.
Får ein då kraftig lågtryk i tillegg får ein uvanleg sterk vind som då lagar kvervelvindar på sjøen. Dei har ofte orkan styrke og syg opp vatn i søyler eller veggar som flyttar seg ut fjorden og kan bli opp til 150 meter høge.
Kjelde Naturhistorisk vegbok – Hordaland
Flotte bilder frå skifestivalen
Turisthotellet har lagt ut flotte bilder frå Rosendal skifestival som gjekk av stabelen under flotte forhold no i helga!
Storinnrykk i gjestehamna
Det har vore storinnrykk i gjestehamna i påska. Her morgonstemning på påskeaftan. Bildet er frå webkamera i Rosendal hamn.
Dagsturar i Rosendalsalpene
Fjord Norway har eit detaljert oppslag om dagsturar i Rosendalsalpane. Meir
Populært med padling
Det er stadig fleire padlarar å sjå på fjorden, og i fjorden er det gode padletilhøve. Her eit bilete frå Kalvsund mot Rosendal. Større bilde
Rosendalsfjella frå lufta!
Sjå Frode Leikvoll sin fantastiske video tatt frå mikrofly over fjella kring Rosendal.
Kart over Rosendal
Eit hendig kart over Rosendal sentrum med oversyn over alt som er verdt å sjå. Kartet finn du i alle butikkar osb. i Rosendal. Eller du kan lasta det ned her
Topptur-eldorado
Kvinnherad er eit eldorado for alle som likar seg på toppane. Her er ein rapport frå to karar som har gått over Bjørndalstraversen.
Turforslag
Rosendal og bygdene omkring er eit fantastisk utgangspunkt for å gå i fjellet. Ein har fiske i fjellvatn og Folgefonna er ikkje langt unna. Sjå Turforslag
Hardangerfjorden
Rosendal ligg ved Hardangerfjorden. Fjorden er den nest lengste i Noreg. Ved Rosendal vert den kalla for Kvinnheradsfjorden.
Tur rundt Hattebergfossen
Kva med ein liten rusletur rundt Hattebergsfossen. Turen går i lett terreng og passar ung og gamal, store og små.
Folgefonna
Vi kan ikkje sjå fonna nede frå dalen, men nærleiken til fonna er stor. Ho kjem til oss med dei spesielle vindane som kjem susande ned Hattebergsdalen.
Skålafjellet 501 moh
Herifrå får ein eit fantastisk skue over Rosendal med fjella og Hardangerfjorden med Snilstveitøy. Sjå turforslag
Malmangernuten 890 moh
Malmangernuten er mest kjent for «Nuten opp». Motbakkeløpet går føre seg i byrjinga av august kvart år.
Rosendalsfjella
Fjella kring Rosendal reiser seg høgt til vers. Dei er frå venstre – (nord) – Melderskin 1426 moh, Laurdalstind 1307 moh, Andersfjellet 1211 moh og Malmangernuten 890 moh.
Melderskin 1426 moh
Melderskin kan ein sjå langvegs frå. Kjem du med Hardangerfjordekspressen frå Bergen viser den veg heilt frå Bjørnafjorden.