Rosendal – Kultur og historie

Galeasen Gurine

Gurine vart bygd som jakt i Rosendal, i 1874-75. Etter lang tid på dei sju hav kom skuta attende til Rosendal i mai 2011 for å bli satt i sjødyktig stand. Hausten 2011 vart ho sett på land nedafor Rosendalstunet – ikkje langt frå der ho vart bygd.

Skuta skal totalrenoverast – frå bunn til topp – og arbeidet er godt i gang. Per januar 2013 er det lagt ned omlag 7500 dugnadstimar – som omfatter bygging av varv og arbeid på sjølve skuta.

Galeas Gurine har eiga nettstad der ein kan fylgja arbeidet. Sjå www.gurine.no >>

Du finn og Gurine på Facebook!


Grunnlovsmarkering 24. april

Kvinnherad Senioruniversitet arrangerer i samarbeid med Grunnlovskomiteen i kommunen ope møte med orgelkonsert og foredrag i Kvinnherad kyrkje.


Storinnrykk i gjestehamna

Påske og sol – og storinnrykk i gjestehamna. Sjå webkamera her pil


Bob Dylan Tribute

Onsdag 16. april kjem Calle Hamre med fullt band til Snikkeriet for å framføra Bob Dylan-klassikare på rekke og rad! Musikken startar ca kl 22. pil

Damenes aften 16. april kl 21

Damenes aften på samfunnshuset

Onsdag 16. april. Katwalk og gåvedryss, god prat og god mat

Hurtiglading i Rosendal © Kvinnheringen

Hurtiglading i Rosendal

No kan du trygt reisa til Rosendal med elbil. Idag (9. april) opna nemleg ein ny hurtigladestasjon i Rosendal. Den kan lada både europeiske og japanske bilmodellar. Les meir pil

Kilden med Per Arne Dahl

Kilden på Vangssago

Tru, humor og ettertanke i skjønn foreining. Andreas Kvebæk Dahl, Per Arne Dahl og Stian Tveit i framsyninga «En hyllest til livet» på Vangssago laurdag 14. juni Les meir pil


Kvinnene si rolle

Grunnlovskomiteen i Kvinnherad og Hordaland Bygdekvinnelag har ope møte i Rosendal laurdag 5. april. Marit Elisebet Totland vil halda føredrag om emnet Kvinnemakt – kvardagsmakt.

De musikalske dvergene © Paul Bernhard

Dvergene på Snikkeriet

Laurdag 29. mars kjem Dei Musikalske Dvergene til Snikkeriet! pil


Senioruniversitet torsdag

Kjartan Rødland vil halda foredraget «Då vestlendingen vart landkrabbe» torsdag 20. mars kl 11 på Rosendal Fjordhotel. Senioruniversitetet. Ope for alle


Konsert • revy • dans

Rosendal Musikklag har invitert Revygjengen frå Mauranger, Aasmund Kaldestad og Marita Kjetland Rabben til vårfest i Samfunnshuset. Billettsal Rosendal bokhandel. Les meir pil

Fem millionar til Baroniet

Hordaland fylkesutval har løyvd fem millionar kroner til besøkssenter og formidlingsarena ved Baroniet i Rosendal.


To butikkopningar

Rosendal bokhandel opna torsdag i nye, større lokale. Same dagen fekk bygda ein heilt ny butikk; Sko og interiør AS.
Meir i Kvinnheringen pil


Quiz og Musikarjam

Fredag 21. februar er det Quiz på Rosendal Turisthotell – og musikarjam på Snikkeriet. Sjå “Det skjer” pil


Strikkekafe i Dalheim

Onsdag 19 febuar kl 19.30. Barbro og Gerd Laura som startar opp garnbutikken den blå tråd i Austrepollen kjem med garn/mønster.

Anders Christensen © Bjarne Øymyr

Anders Christensen på Snikkeriet

Fredag 31. januar blir det konsert med Anders Christensen på Snikkeriet.

Håkon Gullvåg

Gullvåg og Pushwagner

Gøril Guddal slår til med to store namn når ho nyopnar galleriet i Guddalstunet til sommaren. I vinter er galleriet ope torsdagar frå 12-20.
Meir i Kvinnheringen pil


Jørgen Sandvik

Sandvik har vunnet fleire Spelemannsprisar, mellom anna med The Real Ones. Laurdag 25. januar kjem han på Snikkeriet Sjå video


Marie Kristin Dale Trio

Laurdag 18. januar kjem Marie Kristin Dale Trio til Snikkeriet!

Rosendal Hamn © Bjarne Øymyr

Kaldt og vakkert

Mot lysere tider. Framleis litt kaldt, men før vi veit ordet av det er det storinnrykk i gjestehamna! Sjå større bilete pil


Kvinnherad Senioruniversitet

startar året med å visa filmen Min elskede, om å kjempa for kjærleiken når den vert utfordra av Alzheimer sjukdom. Tors 23.jan kl 11 på Husnes kino. Beste dokumentarfilm i 2011.

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - - nettsider og design:

 Arkiv >>