Rosendal – Kultur og historie
Rutebåtkaien 1874
Med dampskipa i fjordafart frå 1860-talet vart postgangen heilt omlagt. Etter 1871 var det Det Søndhordlandske Dampskibsselskab med d/s ”Søndhordland” og d/s” Hordaland” som trafikkerte denne ruta.
I 1872 kom det post til Rosendal fire dagar i veka i januar til mars. Resten av året var det 6 dagar. Fram til i 1874 vart posten henta ute på Skålavikjo med ekspedisjonsbåt. Det året kom Skålakaien, og båtane kunne leggja til der.
Det vart eit hamskifte for bygda med kai, handelsbua ”Kvinndherreds handelsforening” og hotell på Skåla frå 1887. Den nye vegen (Skålagato) frå 1870-åra tok all sjøsstrafikken frå aust, og den gamle handelsstaden Vang kom i bakleksa etter kvart.
Biletet (bileta) over viser gamlekaien og Guddalsbua frå 1912. Det (dei) er truleg frå mellomkrigstida. Dagens høgdpunktet var når dampen la til kaien ikring kl 8 om kvelden. Post, handelsvarer og reisande med kister og pakkenellikar fann vegen opp på kaien – før straumen snudde den andre vegen. Langs buaveggen og rekkverka stør karane seg. Dei har teke seg fri frå arbeidet. No syg dei i seg inntrykka med vakne, lure augo treffande kommentarar. Men impulsane gjekk også den andre vegen.
Planlagt “hærverk” på Gurine
Mandag 18. februar vart nok ein milepæl for Gurine. Heile baugen vart kutta av omlag tre meter frå stemnen! Sjå her
Gurine: 7500 dugnadstimar
Heile 7500 dugnadstimar er lagt ned på Gurine sidan mai 2011. Leiar i interesselaget gjer opp status ved inngongen til eit nytt år. Meir…
Tre kunstnarar i Galleri Guddal
I Galleri G Guddal er det utstilling med Linda Saytes, Mona Eckhoff Sørmo og Sandie Caroll Dougnac
Sydlandsk i Rosendal
Fantastisk vellukka mat- og kunstfestival 2012 + skyttarstemne skapte sydlansk stemning. Fullt opp med båtar i gjestehamna og bubilar på bubilparkeringa! Sjå her
Gurine trygt på land!
Ein historisk dag! Laurdag 24. september vart Gurine sett trygt på land på den nye slippen nedafor Rosendalstunet. Sjå meir på gurine.no
Baroniet i Dagbladet
Dagbladet har skrive ein artikkel om Baroniet. Om friarar og “ja-benk” og “nei-benk” og mykje anna… Sjå her
“Gurine” på nett
Galeasen “Gurine” ligg i Rosendal, og dugnaden er i gang. No kan du følge alt som skjer med skuta på Facebook, Twitter , eller på den nye nettsida. Sjå gurine.no
“Gurine” heime i Rosendal
Fantastisk å sjå “Gurine” til kai i Rosendal. No startar den store dugnaden. Først skal skuta tømjast, og deretter på land for å bli satt i stand.
Rutebåtkaien 1874
Best å stilla i god tid, for rutebåten kunne vera både for tidleg og for sein. Men du var sjeldan åleine på kaien.
Ænes kyrkje
Steinkyrkja på Ænes er eit flott syn der ho ligg høgt og flott med utsyn over fjorden. Ho vart truleg bygd på 1100-talet, og tilhøyrde garden Ænes
Baroniet Rosendal
Baroniet er omgitt av ein hage som er omtala i alle dei glansa magasina. Kva med lunsj i Hage-kafeen eller omvisning i dei flotte salane inne.
Kvinnherad kyrkje
Oppå bakkane ovafor hamna i Rosendal ligg middelalderkyrkja i stein. Kyrkja vart bygd kring andre halvdel av 1200-talet.
Rosendalsvotten
Rosendalsvotten var eit nyhende under Jul i Rosendal. No vil alle strikka Rosendalsvotten.
Malmanger prestegard
Gardstunet er freda. Den delen som er open for publikum inneheld den antatt eldste trebygingen i Kvinnherad – røykstovo frå midten av 1600-talet.
Gamle bilete
Kvinnherad kommune digitaliserer gamle bilete. Sjå om du ikkje finn bestemor eller konfirmasjonsbilete av far din. Også billedarkivet til fotograf Røvde som hadde atelier i Rosendal finn du her.
Vangssago
Vennelaget for Vangssago er særs aktive. I tillegg til “sagedagar” er saga og blitt eit utgangspunkt for konsertar og kulturarrangement.
Skaaluren Skipsbyggjarmuseum
Mellom anna Roald Amundsen si Gjøa vart bygt i Rosendal. Her er mykje spanande å sjå.