vangssago - foto (c) bjarne øymyr

Rosendal – aktivitetar

Vangssago

Det har vore oppgangssag på Vang i Rosendal sidan slutten av 1500-talet. I siste del av 1800-talet auka behovet for trelast til skipsbygging, og Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone kjøpet derfor ei ny oppgangssag. Saga var i bruk til innpå 1930-talet.

vangssago - foto (c) bjarne øymyr

I 1997 vart det starta eit vennelag for Vangssago som skulle flytte saga. Etter 12 500 dugnadstimar var prosjektet gjennomført i 2005, og saga står no ved inngangen til Steinparken. I tillegg til “sagedagar” er saga og blitt eit utgangspunkt for konsertar og kulturarrangement.

Vangssago har eigen nettstad kor du kan lesa meir om sagedagar, kulturarrangement og historia om sago pil


Storinnrykk i gjestehamna

Påske og sol – og storinnrykk i gjestehamna. Sjå webkamera her pil

Kilden med Per Arne Dahl

Kilden på Vangssago

Tru, humor og ettertanke i skjønn foreining. Andreas Kvebæk Dahl, Per Arne Dahl og Stian Tveit i framsyninga «En hyllest til livet» på Vangssago laurdag 14. juni Les meir pil

Håkon Gullvåg

Gullvåg og Pushwagner

Gøril Guddal slår til med to store namn når ho nyopnar galleriet i Guddalstunet til sommaren. I vinter er galleriet ope torsdagar frå 12-20.
Meir i Kvinnheringen pil

innsegling rosendal © NRK

Sommeråpent – Innseglinga

Du kan sjå den vakre innseglinga til Rosendal på NRK sine nettsider.
Kort versjon pil
Minutt for minutt pil


Jam på Snikkeriet

Kvar fredag gjennom heile året samlast musikkentusiastar og stamgjestar til jamsession. Rock, pop, blues, ballader, country i skjønn forening. Frå kl 21. pil


Flotte skuter i Rosendal

Lett å drøyma seg attende til gamle dagar i dag morges (21.08), med Mathilde og Colin Archeren Kristianna til kai i Rosendal.Større bilde pil

Rosendal songlag © Bjarne Øymyr

Vil du syngja i kor?

Rosendal songlag og dirigent Maria Malmsten startar haustsesongen og ynskjer seg fleire songarar. Møt fram på Malmanger skule onsdagar kl. 19.00.

rosendal hamn © rosendal hamn

Web-kamera i gjestehamna

Stadig strøym av båtar til gjestehamna – men det er alltid plass til “ein til”. Med web-kamera kan du føljga med på båtlivet i Rosendal. Sjå her pil

rosendal hamn © bjarne øymyr

Tredje beste gjestehamn!

Rosendal Hamn er blitt kåra til tredje beste hamn av lesarane til Båtmagasinet. Farsund vann, mens Tønsberg kom hårfint foran Rosendal. Meir pil

Bobilplassen i Rosendal © bjarne øymyr

Bubilplass midt i Rosendal

Rosendal har plass for bubilar på kaikanten – midt i Rosenda. For tinging av plass:


Ridekurs

Rosendal Rideklubb ynskjer nye og gamle medlemmar velkomne til ridekurs. Det er framleis ledige plassar. Sjå her pil

Rosendalsfjella © Bjarne Øymyr

Fjellstreif vel i hamn

Fjellstreif 2010 er vel i hamn. Ikkje uventa var det Jonathan Wyatt og kona Antonella Confortola Wyatt som vann løpet. Les meir i Kvinnheringen pil

Stord I i Rosendal (c) bjarne øymyr

Stor(d)fint besøk

Eit flott syn då Stord I la til kai i Rosendal fredag ettermiddag. Med ope skip og betasuppe og dans på kvelden, var det mange som fekk seg ei kjekk stund ombord.


Kulturkalender

Her kan du finna eit oversyn over arrangement i Rosendal og bygdene omkring. Meld frå til om du saknar noko.pil

Baroniet Rosendal

Baroniet er ikkje berre rik på historie, men har og eit breitt tilbod når det gjeld konsertar, utstillingar, teater, foredrag, matservering, parkanlegg, overnatting med meir. pil


Nytt Bustadfelt i Øvre Neslia

Asbjørn Soltveit i Rosendal Utvikling jobbar for å få regulert Øvre Neslia til bustadtomter. Området er på kring 25 mål. pil


Galleri G Guddal

Galleriet ligg i det gamle meieriet i Skålafjæro. Her er det kunst i alle kategoriar som pryder veggane. Galleriet har kaffebar med servering. pil

vangssago - foto (c) bjarne øymyr

Vangssago

Vennelaget for Vangssago er særs aktive. I tillegg til “sagedagar” er saga og blitt eit utgangspunkt for konsertar og kulturarrangement. pil

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - - nettsider og design:

 Arkiv >>