Rosendal – mellom fjord fjell og fonn

Næringsliv

Rosendal og grannebygdene har tradisjonelt vore eit landbruksområde og er det framleis. Det største samanhengande jordbruksområdet i Hordaland finn ein her, i Omvikdalen. Nest etter jordbruk er skipsbygging framleis ei stor næring, saman med levarandørar til desse. Ellers finn ein dei vanlege næringane med handel og kommunetilsette som ei stor gruppe. Dette inkluderer lærarar og barnehage- og pleieheimstilsette. Turist- og kulturbasert næring er i vekst.

Handel i Rosendal

Galleri i Rosendal

Handel på Snilstveitøy

  • Paul Skorpen Landhandel

Handel i Dimmelsvik

Handel på Seimsfoss

Handel på Løfallstrand

  • Bunadskroken
  • Lio Sag & Treforedling AS

Handel på Snilstveitøy

Handel på Ænes

  • Enes Byggjeforretning

Skipsnæring

Anna Næring

Hurtiglading i Rosendal © Kvinnheringen

Hurtiglading i Rosendal

No kan du trygt reisa til Rosendal med elbil. Idag (9. april) opna nemleg ein ny hurtigladestasjon i Rosendal. Den kan lada både europeiske og japanske bilmodellar. Les meir pil

Peder Sjo Slettebø © Tomas Bruvik / Kvinnheringen

Bakeri-kaféen i Skålagato

Peder Bakar har stor suksess med varme hvetebrød og grove spelt. Ekte ekspresso og kaffe latte kan han óg by på.


Ny nasjonalparkforvaltar

Magnhild Berge er tilsett i den nyoppretta stillinga som Nasjonalparkforvaltar, med kontor i Rosendal. Sjå Kvinnheringen pil


Rosendal Utvikling

Jobbar både for bedrifter og private i Rosendal og bygdene omkring. Alt frå skule og næring til samferdsle og marknadsføring står på agendaen.


Kvinnherad Næringsservice

Er ein frittståande næringslivs-organisasjon for bedrifter, næringsgrupper, skular, offentlege institusjonar og nyetablerarar. pil

Norsafe Årsnes

Utviklar design og produserar davitar til offshore marnaden og lagar utstyr på spesialoppdrag. Norsafe har avdelingar fleire stader i verda. pil


Schat Harding

Er kjent over heile verda for design og produksjon av stup livbåtar. Dei har anlegg på Seim, Ølve og fleire stader ute i verda.


Kvinnherad elektro

Er ei bedrift som er involvert i fleire tunnellprosjekt. Her frå Stedjebergtunnellen. Dei har nærare 60 tilsette og jobbar i eit vidt område.

Hellesøy verft

Herfrå kjem stadig nye skip. Dei seinere åra mange supplyskip som vert levert overalt i verda. pil


Energi Teknikk

Med marknad over heile landet er Energi Teknikk ein bedrift i stadig utvikling. Dei tilbyr både konsulenttenester og turbinar og generatorar, eller et heilt kraftanlegg om du vil. pil

copyright © rosendal utvikling / rosendal.net - - nettsider og design:

 Arkiv >>