Rosendal – mellom fjord, fjell og fonn
Om rosendal.net
rosendal.net – for fastbuande, turistar og tilflyttarar. Vi ønskjer at den skal spegla noko av det Rosendal og grannebygdene har å by på. Det skal vera ei side for deg og meg og turistar, tilflyttarar og besøkande. Vi er umåteleg glade i plassen vi bur på, og ønskjer å dela den med fleire.
Under utvikling
Dette er ein første versjon av rosendal.net. I denne runden har det ikkje vore mogleg å få med alt. Vi har ei lang liste over ting vi vil jobba vidare med og retta på, og legg opp til at rosendal.net heile tida skal vera i utvikling. Ikkje minst vil innspel og tilbakemeldingar frå brukarane vera viktige for den vidare utviklinga.
Feil eller ting som manglar?
Sjølv om ikkje alt er heilt på plass har vi vald å publisera nettstaden, fordi vi da reknar med at det vil komma innspel og kommentarar. Difor vil det vera feil og manglar på nettstaden. Flott om du kan senda mail til og fortelja oss om ting vi bør retta på. Sida vil bli oppdatert jevnleg – men ikkje kvar dag. Det betyr at du stadig vil finna noko nytt. Om det er på forsida, i kulturkalenderen under «Det skjer» eller på Kultur og Historiesidene.
Takk!
Stor takk til alle som bidreg med alt frå innspel, tips, bilete, kvalitetssikring og stoff. Ei ekstra takk til Marian Thunold og Jostein Hatteberg som har lånt oss domenenamnet rosendal.net. Kåre Eik, Kaare Skåla, Karen Løvfall Våge og Olav Øye som har hjulpe oss på ulike felt.
Opphavsrett
Opphavsretten til alt innhald på desse nettsidene høyrer til rosendal.net eller dei som har lånt ut t.d. bilete til nettportalen. Ein kan difor ikkje bruka bilete osb. frå rosendal.net utan tillatelse frå den som har opphavsretten.
Redaksjon
rosendal.net er kome på plass etter initiativ frå . I redaksjonen for rosendal.net sit Asbjørn Soltveit, Åslaug Snilstveit og Bjarne Øymyr.
Har du innspel eller kommentarar? Send ein e-post til .
Sommeråpent – Innseglinga
Du kan sjå den vakre innseglinga til Rosendal på NRK sine nettsider.
Kort versjon
Minutt for minutt
Flotte skuter i Rosendal
Lett å drøyma seg attende til gamle dagar i dag morges (21.08), med Mathilde og Colin Archeren Kristianna til kai i Rosendal.Større bilde
Vil du syngja i kor?
Rosendal songlag og dirigent Maria Malmsten startar haustsesongen og ynskjer seg fleire songarar. Møt fram på Malmanger skule onsdagar kl. 19.00.
Web-kamera i gjestehamna
Stadig strøym av båtar til gjestehamna – men det er alltid plass til “ein til”. Med web-kamera kan du føljga med på båtlivet i Rosendal. Sjå her
Tredje beste gjestehamn!
Rosendal Hamn er blitt kåra til tredje beste hamn av lesarane til Båtmagasinet. Farsund vann, mens Tønsberg kom hårfint foran Rosendal. Meir
Bubilplass midt i Rosendal
Rosendal har plass for bubilar på kaikanten – midt i Rosenda. For tinging av plass:
Ridekurs
Rosendal Rideklubb ynskjer nye og gamle medlemmar velkomne til ridekurs. Det er framleis ledige plassar. Sjå her
Fjellstreif vel i hamn
Fjellstreif 2010 er vel i hamn. Ikkje uventa var det Jonathan Wyatt og kona Antonella Confortola Wyatt som vann løpet. Les meir i Kvinnheringen
Stor(d)fint besøk
Eit flott syn då Stord I la til kai i Rosendal fredag ettermiddag. Med ope skip og betasuppe og dans på kvelden, var det mange som fekk seg ei kjekk stund ombord.
Kulturkalender
Her kan du finna eit oversyn over arrangement i Rosendal og bygdene omkring. Meld frå til om du saknar noko.
Vangssago
Vennelaget for Vangssago er særs aktive. I tillegg til “sagedagar” er saga og blitt eit utgangspunkt for konsertar og kulturarrangement.