Vis i et større kart
Rosendal – mellom fjord fjell og fonn
Reiseinfo
Rosendal ligg berre halvannan time frå Flesland – ein time frå Os – og under to timar frå Bergen – når ein reiser med snøggbåten “Rygerfonn” i 35 knop. Ein flott tur frå snøggbåtterminalen i Bergen, Korsfjorden og Bjrørnefjorden, gjennom maleriske Lukksund og ut i Hardangerfjorden. Og båten har trådlaust breiband.
Avstand frå Bergen: 100 km. Køyretid: Ca. 2 1/2 time m/ferje.
Avstand frå Oslo: 410 km. Køyretid: Ca. 6 1/2 timar over Haukeli.
Avstand frå Haugesund: 95 km. Køyretid: Ca. 2 1/2 time m/ferje over Skjersholmane-Stord.
Avstand frå Stavanger: 165 km. Køyretid: Ca. 4 timar m/ferjer over Arsvågen/Skjersholmane.
Frå Stord Lufthamn: 35 km.
Avstand frå Kristiansand: 378 km. Køyretid: Ca. 5:50 iflg gulesider.no.
Køyretid frå Odda: Ca. 45 minuttar
Avstand frå Voss: Ca. 140 km. Køyretid: Ca. 2 1/2 time m/ferje over Utne.
Sjå rutetabell Hardangerfjordekspressen
Det er og god bussforbindelse mot Husnes og Halsnøy og vidare mot Stord. Det same gjeld mot Odda – og mot Bergen.
Hurtiglading i Rosendal
No kan du trygt reisa til Rosendal med elbil. Idag (9. april) opna nemleg ein ny hurtigladestasjon i Rosendal. Den kan lada både europeiske og japanske bilmodellar. Les meir
Lady M i Rosendal
Lady M var ferdigstilt frå verftet i midten av mai. No er 65 meter luksus på plass på gjestekaia i Rosendal!
Sjå større bilete
10 nye år for Rødne
Etter det rosendal.net erfarer er reiarlaget Rødne tildelt kontrakt for drift av snøggbåten Rosendal-Bergen for 10 nye år.
Web-kamera i gjestehamna
Stadig strøym av båtar til gjestehamna – men det er alltid plass til “ein til”. Med web-kamera kan du føljga med på båtlivet i Rosendal. Sjå her
Utvida sommarrute til
Os, Flesland, Bergen
Frå 1. mai har Hardangerfjordekspressen Rosendal-Os-Flesland-Bergen ekstra avganger i helgane. Sjå rutetabell
Nattruter og større ferge
Frå 1. januar 2012 er det blitt betre kapasitet og fleire nattavganger i sambandet Gjermundshamn – Årsnes. Meir info her
Tredje beste gjestehamn!
Rosendal Hamn er blitt kåra til tredje beste hamn av lesarane til Båtmagasinet. Farsund vann, mens Tønsberg kom hårfint foran Rosendal. Meir
Fergeruter
Frå Bergen må du ta ferge frå Gjermundshavn til Årsnes, frå Stord er det Skjersholmane – Ranavik, og frå sør er det ferge frå Skånevik til Utåker. Sjå rutetider
Med buss
Rosendal har god bussforbindelse både mot Odda, Bergen og Husnes. Skyss gir deg oversikten når det gjeld bussruter i Hordaland.
Med bubil
Plass for Bubilar midt i Rosendal – kontakt Rosendal Marina
tlf .
Med eigen båt
Til Rosendal kan du koma sjøvegen med eigen båt. I Rosendal Hamn finn du bensin, diesel, internett, straum, vatn og badeplass.